Farstad skip ut av opplag
ARBEID: Far Serenade ut av opplag ved Humla etter å ha lege der sidan i fjor haust.
Nytt

Farstad-skip ut av opplag

- For oss er dette svært gledeleg, ikkje minst for å få mannskapet i arbeid igjen.

14.06.2016
Dette seier Farstad Shipping-direktør Karl-Johan Bakken etter at Ålesund-selskapet no tek PSV-en Far Serenade ut av opplag ved Humla utanfor Ålesund.
Den sju år gamle PSV-en har fått seks veker fast oppdrag med Statoil, i tillegg til opsjon på ytterlegare arbeid på dagbasis.
- Dette er ein båt Statoil kjenner til frå før, og det er gledeleg og ei stor tillitserklæring at Statoil på nytt prioriterer denne båten, seier Bakken.

Bra dagrate

Ifølgje meklarselskapet er dagrata på 100.000 kroner, noko som er eit betydeleg hopp frå snittratene siste månadene, og også høgare enn snittratene i juni i fjor og året før for båtar med dekk over 800 kvadratmeter. Far Serenade har eit dekk på vel 1000 kvadratmeter.
- Vi kommenterer ikkje ratene, men dette er ei gledeleg enkeltsak i eit større bilde.
- På overordna nivå er det ikkje noko teikn til betring i marknaden, seier Bakken.

Snakk om timar

Far Serenade ligg framleis ved Humla.
- Det er berre snakk om timar før båten går ut i nytt arbeid.
- Vi håper at denne gongen vil det vare, seier Bakken.
Det er berre snakk om timar før båten går ut i nytt arbeid

Publisert: 14.06.2016 12:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57