- Totalt er det snakk om rundt 100 mann. Kor mange til vi til slutt endar opp med, er litt usikkert, seier konsernsjef Karl Johan Bakken i Farstad Shipping.
Det er dei tre skipa Far Statesman, Far Sigma og Far Sagaris som vert lagde i opplag. Alle tre skipa går i spotmarknaden i Nordsjøen, slik at det er snakk om norsk mannskap som no har fått permitteringsvarsel.
- Alle fekk varselet i dag, seier Bakken.
- Vi hadde ein situasjon på 80-talet med båtar i opplag, men vi må tilbake til den tida for å finne ein liknande situasjon som i dag.
Han ser ikkje vekk frå at selskapet vil leggje endå fleire skip i opplag.
- Dette er noko vi vil vurdere etter kvart.
- Ein slik situasjon går det ikkje å ha over tid. Då er det betre å ta skipa ut av arbeid.
Han er glad for at andre selskap også gjer det same.
- For bransjen totalt sett er det ikkje bra om ein driv med tap. Heldigvis ser det ut som om dei fleste selskapa vurderer situasjonen likt.
Far Statesman har arbeid fram til 6. januar, medan Far Sagaris ligg i Stavanger og Far Sigma i Bergen
Bakken seier at ein no ser på andre hamner, som kostar mindre og der båtane kan verte liggjande over tid.
- Ja, vi har lege lenge nok i Bergen med Far Sigma, seier han.
Det er dei tre skipa Far Statesman, Far Sigma og Far Sagaris som vert lagde i opplag. Alle tre skipa går i spotmarknaden i Nordsjøen, slik at det er snakk om norsk mannskap som no har fått permitteringsvarsel.
- Alle fekk varselet i dag, seier Bakken.
Verste sidan 80-talet
For Bakken er dette dei første omfattande permitteringane i selskapet sidan han starta i 1999, sidan 2006 som konsernsjef.- Vi hadde ein situasjon på 80-talet med båtar i opplag, men vi må tilbake til den tida for å finne ein liknande situasjon som i dag.
Han ser ikkje vekk frå at selskapet vil leggje endå fleire skip i opplag.
- Dette er noko vi vil vurdere etter kvart.
Taper på oppdrag
Han seier at dagens rater er så lave at det ikkje løner seg å ha skipa i arbeid.- Ein slik situasjon går det ikkje å ha over tid. Då er det betre å ta skipa ut av arbeid.
Han er glad for at andre selskap også gjer det same.
- For bransjen totalt sett er det ikkje bra om ein driv med tap. Heldigvis ser det ut som om dei fleste selskapa vurderer situasjonen likt.
Far Statesman har arbeid fram til 6. januar, medan Far Sagaris ligg i Stavanger og Far Sigma i Bergen
Ser på hamner
Det kostar det opp mot 14.000 kroner døgnet å ha skipa liggjande ved kai i Stavanger og Bergen.Bakken seier at ein no ser på andre hamner, som kostar mindre og der båtane kan verte liggjande over tid.
- Ja, vi har lege lenge nok i Bergen med Far Sigma, seier han.
Heldigvis ser det ut som om dei fleste selskapa vurderer situasjonen likt
Publisert: 17.03.2015 11:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39






