Fann flest brot paa Vestlandet
FLEIRE TILSYN: Arbeidstilsynet vil mellom anna auke innsatsen med tilsyn i bransjar som verftsnæringa og fiskeri, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.
Nytt

Fann flest brot på Vestlandet

Éin av tre bedrifter braut smittevernreglane då Arbeidstilsynet kom på besøk. Verst var situasjonen i fylka langs kysten. 

18.01.2021
(NPK-NTB-NETT.NO-Steinar Schjetne): Arbeidstilsynet fann brot på smittevernreglane ved kvar tredje bedrift som vart kontrollert. Aller verst var situasjonen ved overnattings- og serveringsstadene.
Dei fleste brota dreier seg om manglande kartlegging og risikovurdering av smittefare. Tre gonger dei siste to månadene har Arbeidstilsynet sett seg nøydd til å bruke den kraftigaste straffereaksjonen – stans i verksemda på grunn av overhengande fare for livet og helsa til dei tilsette, opplyser direktør Trude Vollheim til NTB.

Flest brot i Vestland

Ei oversikt NETT NO har fått viser at det var størst prosentdel bedrifter med brot i dei tre fylka Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal.
Sjå fylkesoversikt under saka
Verst var situasjonen i Vestland der Arbeidstilsynet avdekka brot ved halvparten av bedriftene. i Rogaland fann dei brot ved 40 prosent av bedriftene, medan 34 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal ikkje hadde alt på stell.
Best i klassa var Viken og Nordland, der berre 13 prosent av bedriftene som fekk tilsyn, braut regelverket.

Manglar i kunnskap om regelverket

Arbeidstilsynet har gitt fleire reaksjonar i form av pålegg om utbetring av manglane som er avdekte ved verksemda. I fire tilsyn er det vedteke tvangsmulkt som pressmiddel.
– Vi opplever at mange arbeidsgivarar er opptekne av smittevern, og at fleire brot kjem av manglande forståing av eller kjennskap til regelverket. Derfor håpar vi tilsyna våre, der vi både kontrollerer og rettleier, kan vere eit nyttig bidrag for å få ned smittetrykket, seier Vollheim.
Arbeidstilsynet har kontrollert smittevern i drygt 500 tilsyn. I 34 prosent av tilsyna er det avdekt minst eitt brot på reglane om smittevern.
– Det er i utgangspunktet ganske alvorleg når vi avdekkjer brot i 34 prosent av tilsyna våre, seier Vollheim.

– Omfanget er alvorleg

I 31 prosent av tilsyna hadde ikkje verksemda kartlagt og risikovurdert faren for spreiing av koronaviruset. I 24 prosent hadde ikkje verksemda utarbeidd tilstrekkelege planar for eller sett i verk tiltak for å fjerne eller redusere risiko for smittespreiing.
Vollheim poengterer at i mange tilfelle er det gode rutinar for smittevern overfor kundar, men manglande tiltak for å verne eigne tilsette mot koronasmitte – til dømes i eterommet til dei tilsette og andre sosiale soner.
Overnattings- og serveringsbransjen har størst del verksemder der det er avdekt brot på smittevernreglane – med 54 prosent, medan varehandelen følgjer på ein andreplass. Her vart det avdekt minst eitt smittevernbrot ved 45 prosent av tilsyna.
– Det er heilt avgjerande at koronareglane blir følgde for å få ned smitten. I tida framover kjem derfor Arbeidstilsynet til å prioritere tilsyn i bransjar og yrkesgrupper med høg smitterisiko. Dette gjeld til dømes fiske- og verftsindustrien og andre bransjar med mange utanlandske arbeidstakarar, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til NTB

Trappar opp kontrollane

Vollheim understrekar at tilsynet ikkje har gjennomgått tala for å undersøkje om verksemder med større grad av utanlandske arbeidstakarar er overrepresenterte blant verksemdene som bryt smittevernreglane. Men i verksemder innan bygge- og anleggsbransjen, der det ofte er høgare grad av utanlandsk arbeidskraft, vart det avdekt brot ved rundt kvar fjerde bedrift – høvesvis 27 og 25 prosent.
– Det er klart at arbeidsinnvandring er ei risikokjelde som vi følgjer med på, seier ho og poengterer at tilsynet òg har gjennomført rundt hundre kontrollar med innkvartering av utanlandske arbeidstakarar. I 38 prosent av tilsyna vart det avdekt brot på smittevernreglane.
Arbeidstilsynet vil no intensivere tilsynsverksemda med norske verksemder. I januar og februar skal tilsynet gjennomføre over 1.500 tilsyn.
– Arbeidsgivarane har ansvar for at krava om smittevern på arbeidsplassane blir tekne vare på, og at tilreisande arbeidstakarar blir innkvarterte på ein forsvarleg måte, understrekar Røe Isaksen.

Fylke – tal på tilsyn – tal på brot – prosentdel med brot


  • Vestland 10 - 5 - 50 %
  • Rogaland 55- 22 - 40 %
  • Møre og Romsdal 35 - 12 - 34 %
  • Agder 12 - 4 - 33 %
  • Trøndelag 45 - 15 - 33 %
  • Oslo 39 - 8 - 21 %
  • Troms og Finnmark 40 - 8 - 20 %
  • Innlandet 40 - 8 - 20 %
  • Vestfold og Telemark 54 - 8 - 15 %
  • Viken 164 - 21 - 13 %
  • Nordland 46 - 6 - 13 %

Vi opplever at mange arbeidsgivarar er opptekne av smittevern, og at fleire brot kjem av manglande forståing av eller kjennskap til regelverket

Publisert: 18.01.2021 09:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11