Familiebedrift veks kraftig paa prestisjejobbar
VARD BRATTVÅG: Rev Ocean-skipet til Kjell Inge Røkke er til utrusting ved Brattvåg-verftet til Vard. Elisebth Tuvnes frå Oceantec er mellom mange tilsette i lokale bedrifter som har oppdrag i samband med bygginga. 
Nytt

Familiebedrift veks kraftig på prestisjejobbar

Ei rekke lokale bedrifter leverer til Kjell Inge Røkke sitt spektakulære Rev Ocean-skip under bygging i Brattvåg. Oceantec er mellom dei minste - og legg ikkje skjul på det er stor stas.

Marius Rosbach
07.12.2019

Når Kjell Inge Røkke bygger eit av verdas mest påkosta skip, er det ved hjelp av ei rekke lokale bedrifter i den maritime klynga (sjå oversikt under). Familiebedrifta Oceantec i Ulsteinvik har sikra seg arbeidet med å levere overflatebelegg om bord på skipet.

– Det er eit stort oppdrag for oss. Vi har både kontrakt med reiarlaget på alt som skal gjerast utandørs, og med Maritime Montering - som er interiørselskapet - på bysse, garderobar og fleire andre område, fortel Elisabeth Tuvnes.

nettnohalf

NETT NO møter ho i lokala deira i Saunesmarka i Ulsteinvik, medan mannen Ronny Kristiansen er travelt oppteken med innspurten på eit anna prestisjeoppdrag - på hurtigruteskipet MS Fridtjof Nansen.

Dei hadde også ei større leveranse til systerskipet Roald Amundsen, i tillegg til at dei har sikra seg kontraktar om bord på dei første to turistbåtane til Brim Explorer.

Tuvnes legg likevel ikkje skjul på at dei jubla litt ekstra då dei sikra seg jobben om bord på Rev-skipet.

– Ein blir nesten litt sett ut. Det å få jobbe med yachtdesignarar på dette nivået er litt «wow». Det står iallfall ganske høgt opp på mi liste over kven eg synes det er gøy å jobbe med, fortel ho.

Verdas største forskingsskip og yacht
Rev Ocean-skipet kom i haust til Vard sitt verft i Brattvåg. I løpet av nokre månader skal skipet ta form innvendig. Det skal lagast alt frå avdelingar for forsking med ulike laboratorium, mannskapslugarar og gjerast klar til mykje teknisk avansert utstyr.

Resultatet skal bli verdas største forskingsskip – og verdas største yacht. I tillegg skal det 182,9 meter lange fartøyet kunne segle på ekspedisjonar i all slags farvatn. Tidlegare er det opplyst at prislappen blir på kring 4,2 milliardar. Etter planen skal skipet vere i drift frå 2021.

Les meir om Rev Ocean-skipet: Forskere står i kø

Snart ferdig med skroget i Romania

Sjøsatte superyachten Vard bygger for Røkke

– Alle typar finish
Sjølv om Oceantec er eit lite og framleis nystarta firma, har dei eit par mannsaldrar med erfaring til saman. Ekteparet Elisabeth Tuvnes og Ronny Kristiansen har jobba mange år i den maritime industrien, medan far til Ronny, Jarle Kristiansen, har jobba med ulike type belegg på land i nesten 40 år.

nettnohalf

Om bord på Rev-skipet skal dei mellom anna legge belegget på helikopterdekket, sportsdekke og tre store badebasseng. Materiala dei nyttar mest er polyuretan og epoxy.

Tuvnes viser fram ulike produkt og korleis dei gjer jobben lag på lag.

– Ein kan få alle typar finish. Det kan vere glitter, fargespel, eller ein kan ha skipsgolv-utsjånad, fortel ho.

I symjebassenga om bord på ekspedisjonsskipa til Hurtigruten er det felt inn fiberoptiske lys som skal gjenspegle stjernehimmelen.

Skipsgolv av plast fekk dei opplyst var heilt uaktuelt for Kjell Inge Røkke sitt prosjekt. Om han skal ha skipgolv – skal det vere ekte vare av teak var beskjeden dei fekk frå teamet.

nettnohalf

Skal jobbe både i Brattvåg og Tyskland
Det stillast andre krav til arbeidet i denne marknaden, enn ved mange andre type skip. Utsjånad, design, dekor og finish skal vere av ypparste kvalitet.

I tillegg krev det maritime miljøet at haldbarheita må vere god og samtidig må vekta vere låg. Det er strenge krav til materialbruk og produkta skal vere IMO-godkjende, slik at det ikkje kjem avgassar.

– Eit helikopterdekk må til dømes vere solid, samtidig som det skal sjå bra ut. Også er materiala lett å reparere, legg ho til.

Snart skal dei starte jobben med bassenga om bord på Rev Ocean. I februar reknar dei med å starte innandørs. Etterpå skal dei bli med til Tyskland der båten skal gjerast heilt ferdig med mykje avanserte teknologiske løysingar – og sjølvsagt ein heil del luksusinnreiing.

– Ei heilt anna verd
I desse dagar jobbar Elisabeth med å velje ut fargar og overflater. Avhengig av kvar ein er på båten, skal nokre overflater vere glatte og andre rue.

nettnohalf

– Sidan vi har ein del teknisk kunnskap, er vi også ein del med på design på «Rev-en», som ho seier:

– Det er litt artig å få teikne og kome med forslag til ein designar som Espen Øino. Det er ei heilt anna verd. Samtidig vil vi gjerne nå kundane i den marknaden, fortel ho.

Espen Øino: – Klisjeen om at kundene spiser kaviar og drikker dyr vin hver dag, stemmer ikke

Omsetninga til Oceantec har vekse fort. Berre kontrakten på Rev Ocean er verdt kring sju millionar – om lag det dobbelte av heile fjorårsomsetninga. Neste år reknar dei med å ha ei omsetning på meir enn ti millionar. Førebels er det ikkje noko store overskott, men drifta går om lag i balanse.

Oppkjøp og dotterselskap
Yachtbyggarar er like bevisst på kostnadar som i andre båtmarknader, og priskonkurransen er sterk også her.

Det er ofte dei same materiala som blir nytta, som til dømes då dei leverte til Maersk sin Starfish-serie på Kleven.

– Men sjølve arbeidet kan vere meir tidkrevjande, slik at det gir fleire timar med arbeid, fortel ho.

nettnohalf

Førebels har det berre vore ekteparet som har jobba i Oceantec, men nyleg tilsette dei også Evaldas St som prosjektleiar. Latviaren som mellom anna erfaring frå byggebransjen, har busett seg på Sunnmøre med familie.

Les også: - Fleire lokale selskap bør satse på cruiseleveransar

For å handtere oppdraga har dei teke fleire grep. I dotterselskapet Epoxytec, der faren til Ronny er dagleg leiar, ligg den teknologiske kunnskapen, medan Oceantec i første rekke tar seg av sal og marknad.

– Tidlegare i år kjøpte vi også trondheimselskapet Nordbelegg Industrigulv med fire-fem tilsette. Dei har vore i same bransje på landsida i mange år. Med desse to installasjonsfirmaa står vi sterkare, også er vi representert i to viktige regionar, fortel ho.

Ser mot fleire marknader
No har dei sikra seg fleire jobbar hos utanlandske reiarar. I tillegg jobbar dei mot fiskeri og oppdrettsbransjen.

– Vi har mange års erfaring med å installere golv til næringsmiddelindustrien, der det mellom anna må takast omsyn til fiskevelferd og giftfrie produkt, fortel ho.

Dei leverer også konsulent- og engineeringstenester til den maritime industrien elles, og tek sikre på å levere beleggprodukt til private - som garasjar og liknande.

(sjå oversikt over lokale leverandørar under)

Les også: God sjanse for nummer tre og fire til Brim Explorer

– Har inntrykk av at norsk næringsliv er litt redd yachtindustrien

Røkke byggjer rekordskip hos Vard

Leverandørar til Rev Ocean på Nordvestlandet:

  • Kongsberg Maritime
  • Ulmatec Handling Systems
  • Maritime Partner
  • Brunvoll
  • MMC First Process
  • Seaonics
  • Teknotherm
  • Survitec
  • Brødrende Dahl (no Dahl Optimera Norge, journ. anm.)
  • Oceantec

(kjelde: Revocean.org)


Det å få jobbe med yachtdesignarar på dette nivået er litt «wow». Det står iallfall ganske høgt opp på mi liste over kven eg synes det er gøy å jobbe med

Publisert: 07.12.2019 05:55

Sist oppdatert: 03.02.2022 23:34