Familie crowdfunding sikra bryggeriet
VEKST: Anders Grimstad (t.v) og Øyvind Grimstad Gryt håpar å nærme seg fire millionar kroner driftsinntekter i 2017.
Nytt

Familie-crowdfunding sikra bryggeriet

Då Øyvind Grimstad Gryt og Anders Grimstad skulle starte bryggeri gjekk dei til sine 80 nærmaste venner og familiemedlemer.

18.11.2016
"Crowdfundinga" i venne- og familiekretsen var heilt avgjerande for å kome i gang, seier dagleg leiar Øyvind Grimstad Gryt i Grim & Gryt Økobryggeri på Hareid.
Til saman 1,35 millionar kroner fekk dei inn i lån frå 80 personar. I bytte fekk långivarane kjøpe seg inn i bryggeriet for eit symbolsk beløp, og eig i dag til saman knappe ti prosent i selskapet. Går alt etter planen blir lånet betalt tilbake i 2019.
- Utan kunne vi aldri gjere det (starta bryggeri, red. merk) i og med at vi ikkje hadde pengar, og bankar kan du berre gløyme, seier Grimstad Gryt om betydninga av lånet.

Ventar sterk vekst

Når NETT NO er på besøk i bryggeriet i den tidlegare bensinstasjonen i Hareid sentrum er bryggarane i full gang med å tappe eit nytt øl på flasker for at det skal vere klart for lansering hos Vinmonopolet etter jul.
I 2015 selde Grim & Gryt for 1,1 millionar kroner, hittil i år har dei nådd 1,5 millionar kroner. Neste år er målet ei dobling og å nærme seg fire millionar kroner i driftsinntekter.

Betre distribusjon

Grossistselskapet H.I. Giørtz & Sønner har nettopp hatt sin første bil for å hente øl frå Grim & Gryt. Hentinge er eit resultat av distribusjonsavtalen som ble inngått tidlegare i år. Den sikrar bryggeriet distribusjon til alle Norgesgruppen og Bunnpris sine butikkar frå Romsdal til og med Nordfjord, og frigjer verdifull tid for selskapet.
Lærekurva har vore bratt, og håpet no er at kunnskapen skal slå ut i større stabilitet i produksjonen framover.

Rom for vekst

Grimstad Gryt meiner det framleis er godt rom for vekst for småbryggeria. Pr i dag anslår han at dei har ein marknadsandel på fire-fem prosent at den totale ølmarknaden.
Den kan bli større, meiner han, men tror talet på småbryggeri er blitt så stor som den kan bli.
- Vi får avskallingar og konsolidering, seier han om utviklinga framover.

Publisert: 18.11.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04