Fagervoll hankar inn meir arbeid
ARBEID: Per-Ivar Fagervoll og Golden Energy Offshore Services med utvida kontraktar for to av sine PSV-ar 
Nytt

Fagervoll hankar inn meir arbeid

Sikrar meir arbeid for dei to PSV-ane Energy Swan og Energy Scout.

15.07.2019
Ålesund-baserte Golden Energy Offshore Services har sikra meir arbeid for dei to PSV-ane Energy Swan og Energy Scout.
Dette opplyser selskapet i måndag.
Energy Swan har fått forlenga den eksisterande kontrakten med Wintershall Norge, ein kontrakt som har pågått sidan 2013.
I utgangspunktet var skipet leigd for ein fast periode på fire år, i tillegg til fem årlege opsjonar.

Ny forlenging

Selskapa har fleire gongar vorte samde om å utvide den faste perioden, seinast til 31. august i år.
No er denne faste perioden nok ein gong forlenga, i denne omgang til 30. november i år.
I tillegg vert dei opphavelege opsjonane vidareførde.

Ytterlegare seks månader

Energy Scout gjekk i januar i år frå ein fast kontrakt til ein korttidskontrakt med Shell, ein kontrakt som gjekk ut 15. juli, og som i site omgang var med Shell-selskapet SPDC.
No har partane vorte samde om ein fast kontrakt i seks månader, slik at skipet er sikra arbeid til 20. januar 2020.
Golden Energy Offshore Services aopplyser t ratene reflekterer marknadssituasjonen for denne typen fartøy, der det for tida er avgrensa tilgang.

Publisert: 15.07.2019 13:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37