Faar spesialtilpassa fabrikk for ombordproduksjon
KONTRAKT: Salsleiar Kjell-Peder Overvåg i MMC First Process, reiar og dagleg leder Hans Remøy i Remøybuen, salgsleiar Arve Breivik i MMC First Process og skipper og medeigar Vegard Kvalsvik i Remøybuen.  
Nytt

Får spesialtilpassa fabrikk for ombordproduksjon

MMC First Process skal levere frysemaskineri og ombordproduksjonsfabrikk til kystbåten Remøybuen.

08.10.2018
Den 29,7 meter lange snurrevadbåten er under bygging hos Vard Aukra, og skal ferdigstillast til sommaren 2019.
No har eigarane Hans Remøy og Vegard Kvalsvik signert avtyale med MMC First Process for levering av fryseri og ombordproduksjonsfabrikk, ein kontrakt som inkluderer alt fra mottaksbinge inntil ferdig produkt i lasterom.
MMC First Process opplyser i ei pressemelding at satsinga tidligare har vore at fisken har lege i isa-kar.
Med den nye løysinga vil fisken kome i sjøtemperert vatn inn til sløyefabrikken og rett til tre vertikalfrysarar.
- På denne måten vil fisken behalde kvaliteten som om han kom direkte fra sjøen til matbordet, skriv MMC First Process.

- Lokalpatriotar

Frysekapasiteten ligg på 15-18 tonn pr døgn.
- Vi har valgt MMC First Process fordi vi har positive erfaringar fra tidlegare leveransar og at dei leverer gode produkt.
- Ein annan viktig faktor for oss er at dei er lokale. Vi er lokalpatriotar, så det å støtte nærmiljøet er svært viktig for oss så langt det er muleg, seier reiar og dagleg leiar Hans Remøy, i pressemeldinga.

Publisert: 08.10.2018 12:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26