Faar skulen tettare paa livet
PROSJEKT HAVROMET: Styringsleiar Helene Hanken og prosjektleiar Knut Tomren samla sytti interesserte til inspirasjons- og nettverkssamling i Fosnavåg. 
Nytt

Får skulen tettare på livet

Havromet er i fokus når tre vidaregåande skular saman med NTNU kjem næringslivet i møte.

29.09.2016
- Eg har i 40 år jobba i skulen, og veit at det er altfor stor avstand mellom det som skjer i klasseroma og livet ute. Denne avstanden ønskjer vi å bryte ned.
Det seier prosjektleiar Knut Tomren, tidlegare lærar ved Spjelkavik vidaregåande skule.

Vil forbetre undervisninga

Dei vidaregåande skulane i Spjelkavik, Haram og Ulsteinvik har gått i parnerskap med NTNU om Prosjekt havromet. Med på laget er fylkeskommunen, Sparebanken Møre og ei rekkje bedrifter.
- Målet er at vi skal etablere eit nettverk av fagpersonar som er interesserte i feltet, forbetre undervisninga og dermed også styrke rekrutteringa til dei havbaserte studiane.
- Vi har i dag altfor mange flinke elevar som forsvinn frå fylket, mellom anna fordi vi er for lite flinke til å opplyse om dei mulegheitene som finst her.
Onsdag og torsdag var eit syttitals personar i nettverket samla til inspirasjons- og nettverkssamling i Fosnavåg. Hovudtemaet var innovasjon og omstilling for ei framtidig utnytting av havromet.
- Det finst enorme mulegheiter i havromet. Desse mulegheitene må vi også vise att i den undervisninga vi gir, seier Tomren.

Les her:


Ocean Industry School

Tomren er no pensjonist, men er innleigd prosjektleiar.
- Dette er noko eg brenn for, og er glad for å kunne bidra vidare. Det er viktig for skulen, men ikkje minst for bedriftene.
Skulane som deltek vert ein del av Ocean Industry School-konseptet med spesiell fokus innanfor studiespesialiserande retning, i tillegg nokre yrkesfag.
- Dette er i hovudsak eit opplegg for elevar som tenkjer å studere vidare, seier Tomren.

Les her:


Vinn-vinn

Dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest rosar initiativet.
- Dette er ein vinn-vinn-situasjon, der alle partar vil tene på eit tettare samarbeid mellom næringsliv og skule.
Han seier at dei maritime bedriftene er svært interesserte i tettare kontakt.
- Spesielt er det no viktig å betre formidle kunnskapen om havromet og dei enorme mulegheitene som ligg i større utnytting av havromet.
- Det er her mykje av framtida for Sunnmøre ligg.
Prosektet vert leia av ei eiga styringsgruppa, der assisisterande rektor Helene Hanken ved Spjelkavik vg skule er leiar.
Vi har i dag altfor mange flinke elevar som forsvinn frå fylket

Publisert: 29.09.2016 11:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01