Faar rekordstore batteripakkar
BATTERI: Havila Kystruten sine fire skip får rekordstore batteripakkar om bord.
Nytt

Får rekordstore batteripakkar

Havila Kystruten sine nye skip får verdas største batteripakke, og skal kunne segle utsleppsfritt i verdsarvfjordane.

15.10.2018
Det er Havyard-selskapa Norwegian Electric Systems (NES) og Norwegian Control Systems (NSC) som har fått ordren med levering av hybrid elektro framdriftssystem og kontrollsystem frå bru til propell til Havila Kystruten.
Ordren gjer at Havila Kystruten skal kunne innfri krava til utsleppsfri segling i verdsarvfjordane fem år før den fristen regjeringa har sett.
- Med denne ordren viser vi at vi har den rette teknologien inn mot framtidas krav om lavare utslepp og grønare skipsfart, seier salssjef Henry Myhre og adm. dir Tor Leif Mongstad i Norwegian Electric Systems, i ei pressemelding frå dei to selskapa.

Lading frå land

NES skal levere komplett hybrid framdriftssystem med batteripakken Energy Storage System som har ein kapasitet per skip på 6.100 kilowattimar, meir enn dobbelt så mykje som dei største batteriferjene.
I tillegg inneheld leveransen ladeplugg for lading frå land.
Det vert opplyst at løysinga sikrar at kystrutene skal kunne legge til og frå kai utan utslepp og kunne segle utsleppsfritt på enkelte strekningar - som verdsarvfjordane.

Gasselektrisk og batteri

Dei fire skipa til Havila Kystruten vert utstyrte med hybrid gasselektrisk framdriftssystem med batteri, der fire gassmotorar i kvart skip driv generatorane. Desse har ein ytelse på til saman 7 760 kilowatt.
NES leverer generatorar, tavlesystem, trafoar, frekvensomformarar til thrustermotorar og energistyringssystem til skipa.
I tillegg kjem leveransar frå NCS. Dei skal levere integrert automasjonssystem, integrert bruløysing og tankpeilesystem.
Levering skjer frå sommaren 2019 og kystruten skal vere i trafikk frå 2021.

300 millionar

I tillegg til leveransane, er Havyard-selskapa NES og NCS med i heile prosessen fra konseptutvikling via engineering og levering til oppstart.
Selsakapa opplyser at samla ordreverdi er på over 300 millionar kroner.
Tor Leif Mongstad uttalar at han gler seg over storordren og aktiviteten det skaper.
- Vi kunne levere rett teknologi til rett pris og hadde kapasitet til å kunne levere til rett tid.
- Det sikra oss gjennombrot i ein ny og viktig marknad.

Publisert: 15.10.2018 11:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26