Faar redusert leige Ein god avtale for oss
DUGNAD: Seismikkselskapet Dolphin Geophysical og Atle Jacobsen (t.h.) har slite økonomisk. No bidreg Ivar Slettevoll (t.v.) og Gjerdsvik-reiarlaget Sanco med å seie ja til reduserte leigeinntekter i ni månader for dei Kleven-bygde seismikkskipa Sanco Swift og Sanco Sword.
Nytt

Får redusert leige: - Ein god avtale for oss

- Dette ser vi på som ein dugnad i ei krevjande tid.

06.10.2015
Dette seier Sanco Shipping-direktør Ivar Slettevoll etter at selskapet har gått med på reduserte leigeinntekter for dei to seismikkskipa Sanco Sword og Sanco Swift.
Gjerdsvik-selskapet har hatt ein femårig avtale med Bergen-baserte Dolphin Geophysical på dei to Kleven-bygde skipa.
- Leigeinntektene er no reduserte i ni månader. På den andre sida har vi fått utvida den faste leigeperioden med eitt år, seier Slettevoll.

- God avtale

Med den nye avtalen har Sanco Swift fast avtale med Dolphin fram til 26. juni 2019, medan Sword har arbeid heilt til 27. mars 2020.
- Slik marknaden er no, er dette ein god avtale for oss.
- Vi tener også pengar i denne nimånadsperioden med redusert leige, seier Slettevoll.
Det var måndag ettermiddag at Dolphin opplyste som vart gjennomførde for å betre selskapet sin konkurranseevne i ein tøff marknad.
Børsen reagerte med å sende aksjekursen opp 75 %. Tysdag morgon er børskursen opp vidare 11 prosent, etter at Dolphin melder om .

Rieber-avtale

I tillegg til redusert leige for Sanco-skipa, har GC Rieber Shipping sagt ja til å ta tidleg tilbakelevering av det Kypros-registrerte seismikkskipet Polar Duke.
Tilbakeleveringa tilsvarer cirka 16 millioner USD i reduserte leigeinntekter for GC Rieber Shipping.
I tillegg har Dolphin fått forbetra vilkår med bankane.

Dugnad

Ivar Slettevoll i Sanco seier at det er viktig å vere med på denne dugnaden for Dolphin, saman med andre større aktørar.
- Dolphin er ein god kunde for oss, og no meiner vi det er rett å stille opp.
Sanco Shipping har totalt sju seismikkskip eller støttefartøy for seismikk. Sanco Star er den einaste båten som ikkje er i arbeid.
- Båten ligg i Las Palmas, men vi har fram til jul fått utbetalt leiga frå Ocean Geo, seier Slettevoll.

Hastar med oppdrag

Sanco Spirit går for PGS, men her går den faste delen av avtalen ut i januar neste år.
- Det hastar med å få innfridd opsjonen med PGS for Sanco Spirit.
- Om ikkje det lukkast, må vi sjå oss om etter andre alternativ, eventuelt vurdere opplag.

Trur på bratt opptur

Slettevoll seier at nedturen for seismikkselskapa har vore djupare og vart lenger enn han trudde.
- Men eg er sikker på at det vil snu, og når det først snur, vil det gå bratt oppover.
- Når dette vil skje, har eg ikkje føresetnader for å kunne svare på. Men det vil skje.

Sit roleg i båten

Gjerdsvik-reiarlaget har ein halv milliard kroner på bok etter å ha levert svært gode resultat siste åra.

Slettevoll seier at selskapet ikkje er ein aktiv aktør i ein eventuell konsolidering av bransjen.
- Vi er tilfreds med situasjonen, og sit nokså roleg i båten.
Men eg er sikker på at det vil snu, og når det først snur, vil det gå bratt oppover

Publisert: 06.10.2015 08:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47