Faar likevel frakte fisk til Danmark
SLAKTEBÅT: «Norwegian Gannet» ved kai i Hirtshals hamn i Danmark under ein testseglas hausten 2018. 
Nytt

Får likevel frakte fisk til Danmark

Bergen tingrett gir slaktebåten «Norwegian Gannet» lov til å levere usortert fisk til Danmark

15.06.2020
NPK: Dette sjølv om Nærings- og fiskeridepartementet har sagt nei.
Departementet må betale sakskostnader på 90.000 kroner, fortel .
Tingretten seier Nærings- og fiskeridepartementet har tolka matlova og kvalitetsforskrifta feil. Retten har derfor vedteke å mellombels setje til side vedtaket til departementet om å stogge Hav Lines nye skip, «Norwegian Gannet».

Rett frå merdane

«Norwegian Gannet» er konstruert for å hente fisk direkte frå merdane, slakte fisken om bord og frakte han direkte til verdsmarknaden via ein mottakssentral i Hirtshals.
Styresmaktene avslo derimot driftssøknaden fordi ein meinte krava til sortering av såkalla produksjonsfisk ikkje blir oppfylt.
Fisk med ytre sår eller misdanningar kan nemleg, ifølgje lova, ikkje eksporterast til utlandet fordi det kan skade ryktet til norsk fisk.
Bergen tingrett har altså kome til ein annan konklusjon.

Publisert: 15.06.2020 17:10

Sist oppdatert: 20.02.2024 08:03

Mer om