Faar avtale paa Island
ISLAND: Hareid-selskaet Intership har fått langtidskontrakt på Island for brønnbåten Dønnalaks.
Nytt

Får avtale på Island

Hareid-baserte Intership får langtidsavtale på Island for brønnbåten Dønnalaks.

21.11.2019
Avtalen er med islandske Laxar Fiskeldi.
- Vi er glade for kontrakten med Laxar Fiskeldi og ser fram til samarbeidet. Vi har ein internasjonal strategi og vi ser at aktørane på Island planlegg vekst, så strategisk sett er dette ei viktig kontrakt for oss, seier dagleg leiar Ole Peter Brandal i Intership, i ei pressemelding
Frå før har Intership operasjonar i Norge, Skotland og på vest- og austsida av Canada.
Selskapet veks raskt, og har no seks fartøy, og får det sjuande i juni neste år.
Brønnbåten Dønnalaks har sidan midten av 2017 operert i området rundt Vancouver Island på vestsida av Canada. Denne operasjonen vil avsluttast i april 2020, og båten går då til Island.
Intership har operert båten i lengre tid, men overtok eigarskapen for vel eitt år sidan i samband med det britiske investeringsfondet Alchemy Special Opportunities kom inn som majoritetseigarar i Hareid-selskapet.
Dønnalaks vart levert i 2002 frå Sletta verft. Fartøyet er 52 meter langt og har ein totalkapasitet på 1000 kubikkmeter, fordelt på to brønnar.

Publisert: 21.11.2019 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45