Faar 104 millionar kroner til aa utvikle hydrogen kystrute
STØTTE: Frå venstre R&D Manager Kristian Steinsvik, designer Performance & Combustion systems Jørgen Kopperstad, technical manager Kjellbjørn Kopperstad og project manager Kristian Osnes.
Nytt

Får 104 millionar kroner til å utvikle hydrogen-kystrute

Havyard-prosjektet med hydrogendrift av Havila Kystruten får 104,3 millionar kroner i støtte frå Pilot-E.

14.12.2018
Satsinga kan gi skip opp til fem gongar lengre utsleppsfrie seglingar enn med tilsvarande eksisterande eller planlagde skip, opplyser Havyard i ei pressemelding fredag.
I Pilot-E har Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Enova gått saman om å løyse dei store samfunnsutfordringane, som prosjektet "Utslippsfri maritim transport 2.0".
Pilot-E seier i pressemeldinga at Havyard Group ASA med dette leier eit prosjekt med ambisjonar om utsleppsfri drift i verdsarvfjordane og i deler av den ordinære ruta for nye Kystruten gjennom å kombinere batteri og hydrogen-brenselceller.

Teknologiskifte

Leiar for FoU-arbeidet i Havyard, Kristian Steinsvik, opplyser at dei med dette prosjektet skal utvikle eit høykapasitets hydrogenenergisystem som kan takast i bruk på eit av Kystruten-skipa til Havila.
- Slik kan vi gjere dei mest miljøvenlege skipa på norskekysten endå meir miljøvenlege, og prosjektet kan også gi eit teknologiskifte innan sjøtransport.
- Aldri tidlegare har så store skip segla over så lange distansar totalt utsleppsfritt som det vi ser her.

Utsleppsfritt i verdsarvfjordane

Med hydrogenenergi kan skipet frå Kystruten gå halve kystruta frå Bergen til Kirkenes heilt utsleppsfritt.
Det betyr at seglasen i UNESCO sine verdsarvområde vil bli heilt utsleppsfrie.
Havyard opplyser at systemet skal kunne setjast om bord og vere i drift innan utgangen av 2022.

Glad og stolt

Konsernsjef Geir Johan Bakke seier at satsinga på FreeCO2AST er i tråd med Havyards visjon om å endre industrien, og målet er også at det også skal endre Havyard som selskap.
- I dag er eg både stolt og glad for alle dei dyktige og motiverte medarbeidarne vi har i Havyard. Vi er i fremste rekke innan det grøne skiftet, og Pilot-E-prosjektet og andre nye produkt vi utviklar i Havyard er bevis på det.
Havila Kystruten har verdas største batteripakkar og design som gir energieffektive skip, men administrerende direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, seier i pressemeldinga at det er viktig å stadig utvikle seg.
- Vi har allereie lagt mykje i å tenke miljø og berekraftig framtid, og har allereie innfridd krava frå styresmaktene med god margin.

Publisert: 14.12.2018 09:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29