Evotec inn i Entec Group
SAME KONSERN: Ein tank frå Brimer (t.v.), røyr frå Servitech (oppe t.h.) og vinsjar frå Evotec vil i framtida kome frå same konsernet. 
Nytt

Evotec inn i Entec Group

Slår seg saman og får Evotec, Brimer og Servitech under éin paraply. Styreleiar Jogeir Romestrand seier selskapa følgjer ein strategi om raskare og meir effektiv vekst.

Marius Rosbach
05.06.2019
Evotec og Entec Group har inngått intensjonsavtale om å slå seg saman, ifølgje ei pressemelding.
Entec vert dermed eit større konsern i marknadene for maritim teknologi og prosessteknologi. Etter gjennomføringa av avtalen vil konsernet bestå av driftsselskapa Evotec AS, Brimer AS og Servitech AS.
Desse er eigd 100 prosent av Entec Group som vil ha kring 170 tilsette i alt. Selskapa hadde ein samla omsetnad i 2018 på om lag 300 millionar.

Har planar om vekst

Jogeir Romestrand er styreleiar i både Evotec og Entec Group, og seier i pressemeldinga at eigarane i begge selskapa har same ambisjonar om vekst. De meiner å kunne gjere det raskare og meir effektivt ved å slå seg saman.
– Med dette styrkar vi vår maritime satsing og gir våre kundar ei brei portefølje av produkt og servicetenester til rederi, verft og andre aktørar, seier han.
Ulsteinvik-baserte Romestrand som Kongsberg Gruppen måtte selje i samband med kjøpet av Rolls-Royce Marine.
Les meir:

Evotec, Brimer og Servitech

Konsernsjef i Entec Group, Håvard Haanes, seier samanslåinga vil gi Entec to sterke og uavhengige divisjonar: Maritim teknologi og prosessteknologi.
– Vi blir nå ein betydeleg maritim aktør innafor marknader som seismikk, fiskeri, aquakultur, offshore, forskingsfartøy og cruise, under merkevarene Evotec og Servitech. Innafor prosessteknologi vil vi helde fram utviklinga i segmenta vann & avløp, landbasert oppdrett, samt industri & fiskeri, under merkevarene Brimer og Servitech, uttalar Haanes.
De tre selskapa har sokalla komplementære produkt. Evotec er store på vinsjeløysingar, Brimer lagar kar og tanker i komposittmateriale og Servitech har si styrke på maritime røyrinstallasjonar.
Les også:


Publisert: 05.06.2019 13:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35