Evakuerte 30 fraa kystvaktskip
VEGSUND: Kystvaktskipet Barentshav krengar over i dokka ved Vegsund Slip.
Nytt

Evakuerte 30 frå kystvaktskip

Ingen skada då KV Barentshav krenga i dokk ved Vegsund Slip.

09.06.2019
Politiet fekk inn varsel klokka 14:23 søndag om at eit skip som låg i dokk ved Vegsund Slip i Sula kommune hadde fått slagside på 5-10 grader og at evakuering vart igangsett.
Det viste seg at det var kystvaktskipet Barentshav som hadde krenga i dokka. Om bord var det tretti personar.

- Under kontroll

– Skipet ligg inntil kanta på dokka, så situasjonen er under kontroll.
- Vi undersøker no om skipet er tett, eller om det er opningar inn, seier pressetalsmann Brynjar Stordal ved Forsvarets operative hovedkvarter til .
Kystvaktskipet har lege i dokk sidan 3. juni.
Ifølgje redningsskøyta Norske veritas II, som har vore i beredskap ved dokka, er situasjonen under kontroll, og redningsskøyta har gått tilbake til basen.
Det er Remøy Management i Fosnavåg som eig båten og leiger den ut til Forsvaret.

Spesialistar kjem måndag

Adm. dir. Even T Remøy opplyser til at båten krengar seks-sju grader.
– Vi kan ikke sjå særleg skade på båten så langt. I morgon kjem det spesialistar for å finne ut korleis han kan rettast opp, seier Remøy.

Publisert: 09.06.2019 20:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36