Etterlyser satsing paa meir enn fish chips
TENK NYTT: Norske eksportørar av torsk og hyse til den britisk fish & chips-bransjen bør tenke nytt i marknadsarbeidet, for å motverke verknaden av eit svakt fall i etterspørselen etter fish & chip, tilrår marknadsføringsekspert David Hughes.
Nytt

Etterlyser satsing på meir enn fish & chips

Pila peiker nedover for fish & chips i Storbritannia. Eksportørane må tenke nytt, tilrår ekspert.

12.01.2018
Fish & chips er ein viktig grunn til at Storbritannia er ein stor importør av norsk fisk. Hyse og torsk frå Norge blir dyppa i mjølblanding og fritert før den blir servert med friterte poteter, anten heime eller på dei mange fish & chips-utsala.
Retten er populær og kjem til å forsette å vere det, men etterspørselen er svakt fallande, seier David Hughes. Han kom med ein advarsel til norske aktørar i sitt foredrag på konferansen "Ombordfryst 2018" i Ålesund onsdag 9. januar. Hughes er professor emeritus i markedsføring av matvarer hos Imperial College i London.

Nye marknadar

- Få produkta dine inn i nye utsal. Du kan ikkje stole på at fish & chips sektoren klarer å fornye seg, seier Hughes.
Trenden som uroar Hughes på vegne av norske torske- og hyseeksportørar er at nye fiskerestaurantar og serveringstadar - som er populære hos yngre kundar - ikkje har torsk og hyse med i rettane sine. Det gjeld både sushi, poke (fiskerett frå Hawau) , og ceviche (rett frå Peru med limemarinert rå fisk).

Ta i bruk adjektiv

Hughes oppmodar også norske eksportørar om ta i bruk adjektiv og fortelle kundane ei historie i marknadsføringa si. Om fish & chips-etterspørselen er i svak tilbakegang norske aktørar likevel få vekt, ved å auke sin andel av marknaden, påpeikar Hughes.
Det er ikkje nok å selge fisk - mange kundar vil vite kven som har fiska den, kvar fangsten har foregått og korleis den er behandla på veg fram til kunden.
Den som stoppar ved eit fish & chips-utsal på veg heim etter ein fuktig pubrunde legg kanskje ikkje så stor vekt på historia til fisken - meiner Hughes - men mykje fish & chips blir fortært heime og blant dei kundane er det mange som legg vekt på historia til fisken.
Få produkta dine inn i nye utsal. Du kan ikkje stole på at fish & chips sektoren klarer å fornye seg

Publisert: 12.01.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17