Etterlyser samla plan
VIL HA EIN PLAN: Styreleiar Pail Harald Leinebø (innfelt) fryktar ei utbygging av vindkraftanlegg til havs som går ut over fiskeriinteressene.
Nytt

Etterlyser samla plan

Det hastar å få ein plan for å samordne vindkraft- og fiskerinteressene, meiner styreleiar Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest.

18.06.2019
– Slik det er no kjem fiskeriinteressene stadig til å bli utfordra, seier Leinebø i ei pressemelding.
Han viser til Equinor sitt planlaget vindkraftprosjekt, Hywind, på Tampen i Nordsjøen som skal forsyne plattformane Snorre og Gullfaks med fornybar energi. Ønsket frå fiskerinæringa om ei anna plassering av vindturbinane av omsun til fiskeria er ikkje tatt omsyn til.
- Fiskarane må vere der fisken er. Fisken følgjer sine næringsvandringar og kan ikkje berre flyttast på. Det er difor uheldig at det til dømes blir lagt til rette for store vindparkar midt i gode fiskefelt. Vi er opne for å diskutere løysingar, men historia viser litt for ofte at vi ikkje blir høyrt. Eg får inntrykk av ein del politikarar leitar etter alternative løysingar som følgje av den store motstanden mot vindkraft på land, men det er ikkje utan problem å legge det til havet heller, seier Leinebø i pressemeldinga.

Interessekonflikter

Mangelen på gjennomslag i Hywind-prosjektet uroar Leinebø.
- Vi har hatt oljen i lang tid. No kjem vindkraft og havbasert fiskeoppdrett. Særleg vindkraftparkane treng store areal. Etter det eg forstår viser utgreiingar at det er stort samsvar mellom kvar i havet det er interessant å legge vindkraftparkar og viktige fiskefelt, seier Leinebø.
Han viser mellom anna til vestkanten av Norskerenna i Nordsjøen, i tillegg til delar av Møresokkelen med sine viktige gytefelt som døme på slike område.

Etterlyser vern av fiskefelt

Leienbø understrekar at han ikkje er mot at andre næringsaktørar brukar havet, men vil ha ein samordna plan.
- På land har landbruksjord eit sterkt vern i Norge. Sjømatnæringa skal vere ein av berebjelkane framover. Vi treng noko tilsvarande for fiskefelta våre. Det er rimeleg mange som lever av både krabbe, hummar, kreps og fisk av ulike slag, langs kysten. I tillegg til må vi også hugse at vi utafor Mørekysten finn svært viktige gyteområde for fleire fiskeslag. Eg trur det er viktig å sjå alt dette i samanheng før ein gir løyve til nye tiltak.
- På land er det stort fokus på negative effekter for fuglar. Kva med fisken i havet? spør Leinebø i pressemeldinga.
På land er det stort fokus på negative effekter for fuglar. Kva med fisken i havet?

Publisert: 18.06.2019 10:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36