Etterlyser krafttak i bustadbygginga
FLEIRE HUS:  NHO-president Tore Ulstein vil ha fart på bustadbygginga.
Nytt

Etterlyser krafttak i bustadbygginga

Bustadbygginga i Noreg er alt for liten, og gjer norsk økonomi meir sårbar, meiner NHO.

10.12.2014
- Vi i NHO meiner bustadbygginga bør aukast frå 28.000 til 36.000 bustadar i året, seier NHO-president Tore Ulstein.
Bustadbygginga er ein sentral del av programmet når NHO inviterer til sin tradisjonelle årskonferanse, i starten av januar 2015. Denne gangen har konferansen fått tittelen "#7 millioner", fordi NHO meiner vi kan bli nærare sju millionar nordmenn i 2040.

Slik NHO ser det blir det bygd for få bustadar i høve til veksten i folketalet, og det er med på å auke bustadprisane og dermed gjeldsgraden hos folk.

Høge prisar

I sin siste konjunkturrapporten tek NHO mellom anna opp bustadprisane:
"Tall fra Finanstilsynet viser at boligprisene justert for økningen i disponibel inntekt per husholdning har vokst med om lag 7 prosent siden 2008. Bare ved to tidligere anledninger de siste tretti årene har boligpriser i forhold til disponibel inntekt ligget like høyt over det historiske gjennomsnittet som nå. Første gang var like før bankkrisen på slutten av 1980-tallet og deretter i perioden før den internasjonale finanskrisen i 2008", heiter det i rapporten.

Spår tøffare tider

NHO reknar med at det blir tøffare tider framover, sjølv om den tradisjonelle eksportindustrien har fått eit løft takka vere at norsk krone er blitt svakare.


Men samla sett er det venta svakare inntektsvekst framover, og at hushandlingane si disponible inntekt vil bli svekt av auka arbeidsløyse.
Ytterlegare fall i oljeprisen kan smitte over på bustadmarknaden og forsterke ein nedtur i økonomi, fryktar NHO.
"Faren for boligmarkedet i Norge er økt arbeidsledighet og kreditorer som for aggressivt prøver å drive inn utestående boliglån gjennom tvangssalg. Økte mislighold og tap vil redusere bankenes evne og vilje til å gi lån, noe som kan forsterke nedgangen. Potensialet for nedgang i boligprisene er betydelig", heiter det i rapporten.

Meir bygging

NHO har eit langsiktig perspektiv på vurderingane sine.
Bustadbygginga må vere mykje større enn i dag over fleire tiår.
- I åra framover må det byggast bustadar tilsvarande heile Fredrikstad kvart einaste år - eller nesten to gangar Ålesund, seier Ulstein.
I åra framover må det byggast bustadar tilsvarande heile Fredrikstad kvart einaste år - eller nesten to gangar Ålesund

Publisert: 10.12.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39