Espen Sundgot Giek Eksportkreditt til A Alesund er mogleg
- Ålesund opplever vi er ein attraktiv bu- og arbeidsregion, som tilseier at det er fullt mogleg å tiltrekke seg heilt ny arbeidskraft også, seier Espen Sundgot i rekrutteringsselskapet Yapril.
Nytt

Espen Sundgot: Giek/Eksportkreditt til Ålesund er mogleg

Er det politisk vilje, er det fullt mogleg å legge hovudkontoret for eit samla Giek/Eksportkreditt til Ålesund, meiner Espen Sundgot i rekrutteringsselskapet Yapril.

13.01.2021

Stig Remøy skreiv i eit innlegg i Sunnmørsposten at ei lokalisering av eit samanslått Giek/Eksportkreditt berre i Oslo vil bidra til sentralisering og favorisering av dei største verksemdene og ikkje vere til gunst for næringslivet som er lokalisert langs kysten.

Etterpå har Senterpartiet varsla at lokaliseringa blir ei valkampsak, Frp at hovudkontoret bør ligge i Ålesund og stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) sagt at det bør vurderast å spreie Giek/Eksportkreditt på fleire kontor langs kysten.

Les også: Remøy åtvarar mot sentralisering

Giek/Eksportkreditt har tilsaman omlag 140 tilsette, som i dag i hovudsak er samla i på kvart sine kontor i Oslo. Unntaket er Stig Gjethammer, som arbeider frå Eksportkreditt sitt Ålesund-kontor.

Krev omorganisering
- I sum trur eg det er fullt mogleg, om ein vil, seier Espen Sundgot i rekrutteringsselskapet Yapril om å plassere hovudkontoret til Ålesund.

Men ei slik løysing krev også nytenking i korleis Giek/Eksportkreditt arbeider i dag.

- Det krev vilje til å sjå på strukturane. Ein må vere viljug til å sjå på organisering og ta i bruk ny teknologi for å oppnå mer fleksibel arbeidsform, seier Sundgot.

Han ser for seg ein modell med hovudkontoret til Ålesund, og kontor også i Oslo og og andre byar, og ein fleksibilitet for tilsette, som mellom anna gjer det råd å vekependle eller generelt gi større rom for å jobbe der du er.

Nok folk
Nedbemanningar i bank- og finansselskap gjer at det i dag er folk med finansbakgrunn i andre selskap på Nordvestlandet. Det er ein av grunnane til at Sundgot meiner det er fullt mogleg å rekruttere til eit Giek/Eksportkreditt-kontor i Ålesund.

Han reknar og med at ein del tilsette vil bli med til Ålesund, og meiner det ikkje er tungt å rekruttere nye.

- Ålesund opplever vi er ein attraktiv bu- og arbeidsregion, som tilseier at det er fullt mogleg å tiltrekke seg heilt ny arbeidskraft også, seier Sundgot.

Sidan 2005
Eksportkreditt og forløparen Eksportfinans har hatt kontor i Ålesund sidan 2005 skriv selskapet i ein epost til NETT NO:

"Eksportkreditt Norge har hatt et representasjonskontor i Ålesund siden etablering av selskapet (2012). Kontoret kom inn som en del av virksomhetsoverdragelsen fra Eksportfinans til Eksportkreditt. Eksportfinans har hatt representasjon i Ålesund siden 2005. Det har alltid vært sterk tilstedeværelse, også fra hovedkontoret i Oslo, gjennom direkte kontakt med næringslivet og bankene i regionen."

Regjeringa vil lokalisere eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge til Groruddalen eller andre stader i Oslo og har vist til at spørsmålet om korleis omorganiseringa skal gjerast, blir avgjort av eit interimstyre som blir leia av Morten Støver. Det er sett ein frist til 1. juli 2021 for at samanslåinga skal vere ferdig.

Les også: Forsikrar at tilbodet skal bli minst like godt


Publisert: 13.01.2021 14:02

Sist oppdatert: 20.01.2023 23:43