Nytt
Erna til topps i Loen
Kjem for å snakke om regjeringas politikk for verdiskaping i Sogn og Fjordane.
Marius Rosbach
12.04.2019
Statsministar Erna Solberg kjem til Stryn for å delta på generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Næringsråd torsdag 25. april.
Generalforsamlinga er lagt til Loen Skylift på toppen av fjellet Hoven og statsministaren vil med andre ord få moglegheita til å oppleve reiselivssuksessen på eiga hand.
Tema for generalforsamlinga er «verdiskapingsfylket Sogn og Fjordane» og Solberg skal fortelje om korleis regjeringa jobbar med dette.
– Vi synes det er veldig stas og kjekt at ho kjem, og eg reknar med at ho har nokre kloke ord å kome med, fortel hotelldirektør Richard Grov som er vertskap for arrangementet på drygt tusen meters høgde.
Andre som deltek på arrangementet er mellom anna Jan Erik Kjerpeset frå Sparebanken Vest - som skal snakke om perspektivmeldinga for Vestlandet og Trond Teigene frå Sparebanken Sogn og Fjordane – som skal snakke om rolla til Sogn og Fjordane i nye Vestland fylke. Status for reiselivsselskapa i fylket er eit anna område som er på dagsorden.

Publisert: 12.04.2019 14:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33