Erna til A Alesund paa berekraftstur
BEREKRAFT: Statsminister Erna Solberg (H) drar i helga til Vestlandet for å skape blest om FNs berekraftsmål, her under besøk på Hareid.
Nytt

Erna til Ålesund på berekraftstur

FNs berekraftsmål står i sentrum når statsminister Erna Solberg (H) besøkjer Ålesund og Rauma i helga. 

20.04.2018
NPK-NTB-Bibiana Piene: Laurdag kveld skal statsministeren klatre opp 418 opplyste trappetrinn til byfjellet Aksla i Ålesund.
Nattevandringa er arrangert av Norad i samarbeid med konferansefestivalen The North West for å skape blest om måla og minne om at eit krafttak må til for å redde verdshava frå plast og forureining.
– Nattevandringa er viktig for å auke medvitet om berekraftsmåla lokalt, hjå små og store, seier Solberg til NTB før turen.

– Forbilde

I 2015 gjekk alle FNs nasjonar saman om å vedta 17 berekraftsmål for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og bremse klimaendringane innan 2030. Solberg er leiar for FNs ambassadørgruppe for berekraftsmåla.
Kommunane i Ålesund-regionen har gått saman om å forplikte seg til berekraftsmål nummer 14, livet under vatn. Kommunane skal blant anna reinske opp dei lokale havområda.
– Arbeidet med berekraftsmåla handlar om industri, organisasjonar og dei store globale forum, men det handlar også om kva kvar av oss kan gjere i vårt eige liv, og kva norske kommunar og lokale foreiningar kan bidra med. Kommunane som blir nye Ålesund, er forbilde når det gjeld kampen mot plast i havet, seier Solberg.

Satsingsområde

Regjeringa har peikt ut hav og havnæringar som ein av sine viktigaste satsingar framover.
– Vi får ikkje realisert den rekka av jobbar og nye bedrifter vi ser for oss utan at vi løyser plastforureininga av hava, konstaterer statsministeren.
Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal, Norad-direktør Jon Lomøy og representantar frå Turistforeningen og Røde Kors deltar på arrangementet, som er ope for publikum. Nattevandringa blir avslutta med ein konsert med Jarle Bernhoft på toppen av Aksla.
Også i fjor blei ei liknande nattevandring arrangert. Då deltok meir enn 7.000 personar på vandringa til Gaustatoppen.

Besøkjer Mannen

Søndag reiser Solberg og følgjet hennar vidare til Rauma i Møre og Romsdal, der statsministeren skal møte bønder som bur ved det rasutsette området ved fjellformasjonen Mannen.
Deretter går ferda til Norsk Tindesenter i Åndalsnes for å vise støtte til turistnæringa, før vestlandsturen avsluttar med eit besøk til Rauma Helsehus der Solberg mellom anna vil snakke om velferdsteknologi og regjeringas helseplanar framover.
– Digitalisering er nøkkelen til fleire av utfordringane vi ser innan helse og omsorg, og det blir derfor spennande og nyttig å sjå løysingane som er på plass i Rauma, seier Solberg.

Publisert: 20.04.2018 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21