Er lei rykteflaum om nye straummaalarar
ØRSTA: Per Bjørkedal i Mørenett slår tilbake mot rykteflaumen om dei nye straummålarane, her under Energidagane til Tussa i Ørsta.
Nytt

Er lei rykteflaum om nye straummålarar

Dyrare straumrekningar, strålefare og overvaking. Mørenett er lei rykteflaumen om dei nye straummålarane, men første straumrekninga kan verte dyrare.

13.09.2017
- Dei som får ei ekstra straumrekning, er dei som ikkje har lest av straumen på mange år og får ei ekstrarekning når dei får installert nye straummålarar.
- Dei nye målarane les rett.
Det seier Per Bjørkedal, fagansvarleg for straummåling i Mørenett.
2,9 millionar norske straummålararar vert no skifta ut med nye digitale målarar. I Møre og Romsdal skal Mørenett skifte straummålarane til rundt 60.000 kundar.

Fleire målingar

Mange fryktar høgare straumrekningar.
- Dersom du ikkje har levert straumrekning på lang tid, risikerer du no å få ei ekstrarekning. Men bortsett frå det vert ikkje straumrekninga auka, seier Bjørkedal.
Men med det nye systemet vert det opp til den enkelte å tilpasse straumforbruket til når det er mest gunstig.
- I dag reknar vi ut straumprisen som eit gjennomsnitt av prisen mellom kvar gong du les av målaren. No kan vi måle fortløpande, seier Bjørkedal.

Facebook-aksjonar

Han er lei av det på sosiale media florerer med negativ informasjon om målarane, både informasjon om at dei er brannfarlege, strålingsfarlege og i tillegg måler for mykje straumforbruk.
- Dette er ikkje korrekt informasjon. Kvar einaste målar vert testa frå fabrikk i Danmark, i tillegg til at vi tek stikkprøver. Så langt har vi ikkje oppdaga feilmålingar.
Datatilsynet har åtvara mot målarane ettersom målarane i praksis kan gi informasjon om aktiviteten til den enkelte husstanden.
På Facebook er det også startar eigne grupper mot straummålaren.
- Nei, målarane kan ikkje brukast til overvaking. Vi kommuniserer med straummålaren fire gongar fro dag, og vi lagarar 24 målarstandar per dag. Alt skjer maskinelt.
- Vi kan ikkje sjå kva type apparat som er på, vi kan ikkje sjå om du har besøk, dusjar eller lagar mat. Vi kan ikkje sjå om du er heime, seier Bjørkedal.

Kan kople på tilleggsutstyr

Han orienterte om dei nye straummålarane under Energidagane til Tussa i Ørsta.
- Om eg absolutt vil overvake naboen, er det mykje betre å ta bilen og stille meg opp utanfor huset og sjå kva som skjer, seier Bjørkedal.
Kvar målar har likevel ein datainngang, som gjer at den enkelte kan kjøpe tilleggsutstyr og kople det opp hos seg, til dømes for dei som er opptatt av energistyring-
- Men det er ditt eige val om du vil nytte deg av slike tilleggstenester. Mørenett har ikkje slit utstyr.
- Derimot har vi alarmar for lav spenning, jordfeil og loknande, noko som er eit gode for alle.

Lav stråling

Enkelte har klaga på at ein kan verte utsett for stråling av dei nye målarane. Også dette avviser Bjørkedal.
Han viser til at målaren brukar svake radiosignal for å sende informasjon til Mørenett.
- Maksimal styrke frå vår målar er 0,5 Watt, medan maksimal styrke frå ein mobiltelefon er 2,0 Watt.
- Om du står to meter frå vår målar konstant i ein månad, kan strålinga samanliknast med bruk av mobiltelefonen i eitt minutt, seier Bjørkedal.

40 montørar i sving

Han opplyser at Mørenett hittil har fått installert rundt 7.000 av dei nye kraftmålarar på søre Sunnmøre.
- Vi er ferdige i Herøy, vi har bygt ut mesteparten av Valldal, Eidsdal og Tafjord. Vi er på gang på Valderøya, Vigra og Nørve i Ålesund, og er på gang i Ulstein.
- På det meste vil vi ha 40 montørar i sving og monterer rundt 400 nye målepunkt dagleg.
Det er kundane som må betale for dei nye straummålarane, men dette skjer via nettleiga, men der kostnaden for dei nye målarane vert fordelte over ti år.
Om du står to meter frå vår målar konstant i ein månad, kan strålinga samanliknast med bruk av mobiltelefonen i eitt minutt

Publisert: 13.09.2017 09:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13