Er dette den nye Kleven eigaren
Nytt

Er dette den nye Kleven-eigaren?

Lokalsamfunnet heiar på både Ulstein Verft og Kleven Verft, men for Kleven kan ein 54-åring frå Porsgrunn vere ein sentral del av redninga.

08.09.2017

KOMMENTAR:

Det var under Ulstein Verft sin storslagne 100-årsmakering laurdag at statsminister , som ho meinte var sjølve grunnsteinen i norsk næringsliv.
- Det er stor skilnad på lokalt eigarskap og ein amerikansk børs når bedrifta går dårleg. Det er ingen tvil om at solidariteten er størst når eigarane er lokale, sa Solberg.
Ulstein Verft har vore familieeigd heilt sidan Andreas Flø og Martin Ulstein i august 1917 starta ein mekanisk verkstad for reperasjon av fiskebåtar.
Det var eit lite mellomspel med børsnotering av Ulstein Group frå 1997 til Ulstein Group vart kjøpt av britiske Vickers i november 1998, og seinare kjøpt av Rolls-Royce. Unntaket var verftet, som vart verande i Ulstein-familien.
Parallellen er slåande til Kleven Verft på den andre sida av Ulsteinvika etter at Marius Kleven i 1939 sette opp ei lita smie i Kleivakøyla. Og alt 1915 gjorde Oskar Myklebust det same i Myklebustosen i Sande, og starta Myklebust Verft.
Også for Kleven vart det eit mellomspel på børs etter at Kværner overtok som eigar, men i 1999 vart verftet kjøpt tilbake av Kleven-brørne Arthur, Magnar, John og Asbjørn Kleven.
No er det tredje generasjon som eig og i stor grad driv både Kleven og Ulstein.
Oppslutninga om Ulstein Verft vart grundig dokumentert ved dei 5000 personane som stilte i dokkhallen på jubileumsfesten. Og det kunne vore endå fleire om ikkje arrangøren sette stopp på 5000.
Det er imponerande av leiinga å invitere til ein slik storslagen folkefest i ei tid då selskapet slit og taper store pengar. Men så langt har Ulstein klart seg gjennom nedturen ved hjelp av bruk av eigne reservar.
Kleven har på sin side tapt 570 millionar kroner siste to åra, og er no avhengig av å få inn ekstern kapital for å sikre drifta, kanskje så mykje som 250-300 millionar friske kroner.
Det er ingen tvil om at oppslutninga er like stor for Kleven som for Ulstein, og Erna Solberg har nok rett i at solidariteten til bedrifter som slit er størst når bedriftene er familieeigde.
Men for Kleven er no alle pengar gode pengar, og det er mykje som tyder på at ein som no er klar til å hjelpe Kleven med frisk kapital er Petter Stordalen.
Den 54-årige hotellkongen, investoren og kunstsamlaren eig rundt fem prosent av det britisk-dominerte selskapet Hurtigruten, og har tidlegare uttalt at han gjerne kunne tenkt seg å eige meir.
Stordalen brenn for Hurtigruten, og har følgt godt med på arbeidet rundt dei nye ekspedisjonshurtigrutene som skal byggjast hos Kleven.
Arbeidet er godt i gang, og MS Roald Amundsen, det første hurtigruteskipet, skal leggje ut på jomfrutur til Antarktis 11. januar 2019. Billettsalet til denne turen er allereie godt i gang.
Les her:
Hurtigruten har tinga to ekspedisjonsskip hos Kleven, men det kan verte fleire, og er ein del av ei storsatsing på luksuriøse opplevingsturar i regi av selskapet.
For Hurtigruten er det avgjerande at arbeidet på Kleven held fram i tråd med plan, og difor er Hurtigruten også villige til å hjelpe Kleven økonomisk. Men i staden for å gå inn på eigarsida som selskap, er det høgst truleg aksjonærane i Hurtigruten, med Petter Stordalen i spissen, som vil gå inn som medeigarar i Kleven.
Per Sævik og familieselskapet Havila Holding er ein annan aktør som kan vere villig til å gå inn på eigarsida i Kleven. Familien er hovudaksjonær i Havyard, som eig skipsverftet i Leirvik, og for Havyard er truleg eigarskap i Myklebust Verft med sin store og gode dokk, spesielt interessant.
Men Sævik er også hovudaksjonær i Fjord1, som har ambisjonar om å kjempe om hurtigrutekonsesjonar langs kysten, slik at Kleven i realiteten kan få inn nye aksjonærar som også er konkurrentar om hurtigruteoppdrag.
I ein slik situasjon er det truleg viktig at ingen av aksjonærgruppene eig over 33,3 prosent i nye Kleven, og såleis har negativ kontroll.
Men det er også andre sunnmøringar som har pengar, og som kan tenkast å verte aksjonær i Kleven. Ein slik er Åge Remøy, ein annan herøyværing, som saman med den islandske Samherji-eigaren Thorsteinn Mar Baldvinsson og den sveits-baserte svenske investoren Magnus Roth har 500 millionar friske kroner til investeringar.
Trioen skulle i utgangspunktet byggje opp eit nytt offshoreselskap nord for Stad, men lite av pengane er hittil brukte. Både Remøy og Mar Balvinsson kjenner Kleven godt frå før etter å ha bygt fleire båtar der, og det er slett ikkje usannsynleg at dei vil gå inn på eigarsida i Kleven.
Ulsteinvik, Sunnmøre og heile Nordvestlandet treng både Kleven og Ulstein, og dei fleste innbyggjarane forstår også kor enormt viktige desse bedriftene er for resten av samfunnet. Difor feira så mange Ulstein Verft laurdag. Og difor kryssar alle fingrane for at det snart også kjem ei løysing på dei økonomiske utfordringane for Kleven.
Og som Gunvor Ulstein sa det under jubileumsfesten:
- Skal ein lukkast med å byggje bedrift, må du også vere med på å byggje samfunnet rundt.
Det har både Ulstein og Kleven gjort til gagns.
Les meir her:

Publisert: 08.09.2017 10:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13