Equinor treng konkurranse
FOSNAVÅG: Karl-Johan Bakken (t.v.) etterlyser meir konkurranse for Equinor på norsk sokkel. Stig Remøy og Njål Sævik (t.h.) er samde. Bak står dagleg leiar Håvard Stave i Fosnavaag Ocean Academy. 
Nytt

- Equinor treng konkurranse

Medan oljeselskapa skryt over store kostnadskutt, slit offshoreselskapa. Reiarane er frustrerte.

23.10.2018
- Det trengst fleire aktørar på norsk sokkel. Equinor treng konkurranse.
Det sa Remøy Shipping-direktør Karl-Johan Bakken til Stortinget sin næringskomite under eit møte i Fosnavåg tysdag.
Bakken var tidlegare toppsjef i Farstad Shipping, som vart slukt av Røkke og Solstad Offshore.

Leverandørkutt

Han viste til at Equinor skryt av kor mykje selskapet har klart å kutte kostnadene.
- Men problemet er at mesteparten av desse kutta har gått ut over leverandørane, der ei rekkje offshoreselskap framleis slit tungt.
Han etterlyste meir konkurranse på norsk sokkel, spesielt sidan Equinor synest å verte forfordelt ved blokktildelingar på sokkelen.

- Økonomisk dyr

Han meinte også at det var lite å hente ved å oppmode Equinor til å ta samfunnsansvar.
- Equinor er eit økonomisk dyr som handlar etter økonomiske prinsipp.
Han såg positive teikn til at nye aktørar no var på veg inn.
- Dette er bra for konkurransen, og ikkje minst er det bra for oss som er leverandørar.

- Bra sum

Havila Shipping-direktør Njål Sævik var samd.
- Neste år har vel Equinor ein fri kontanstraum på rundt 100 milliardar kroner.
- Det er ein bra sum, fastslo Sævik.

Viktig leverandørindustri

Bakken åtvara også mot ein einsidig fokus på digitalisering og software-utvikling, og minte om at nye skip også treng utstyr.
- Og dette er det leverandørindustrien som skal levere.
- Vi må passe på at vi ikkje mister grepet på den delen av verdikjeda. Digitalisering er innpakninga, ikkje fundamentet.

- For dårleg opplæring

Han etterlyste auka satsing på fagopplæring i den vidaregåande skulen.
- Dagens opplæring er for dårleg. Vi ser eit aukande gap mellom det som bør lærast og det som vert lært.
Olympic-direktør Stig Remøy var samd.
Han viste til at det som er att av norsk offshorenæring etter nedturen i stor grad er kunnskaps- og kompetansedrivne aktivitetar.
- Då må det også stimulerast og leggjast til rette for ein kompetanseopplæring som næringa treng, sa han.
Equinor er eit økonomisk dyr som handlar etter økonomiske prinsipp

Publisert: 23.10.2018 13:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27