Enorm paagang etter heimekontor
TUSSATUN: Ivar Driveklepp og staben ved Tussa IKT har stor pågang etter heimekontorløysingar.
Nytt

- Enorm pågang etter heimekontor

Tussa IKT dobla kapasiteten i helga, og må truleg doble endå ein gong.

17.03.2020
- Det tok skikkeleg av sist onsdag. Frå onsdag til fredag auka heimekontorløysingane med 300 prosent.
Det seier dagleg leiar Ivar Driveklepp ved Tussa IKT.
- Pågangen vart så stor at vi måtte ha folk i sving i helga for å doble kapasiteten på VPN-løysingar (virtual private network, red merk).
- Dette er dedikerte løysingar, der vi no er oppe i 211 brukarar.
- I tillegg har vi no 1.400 kundar på andre heimekontorløysingar.

Trur på vidare auke

Driveklepp reknar med at pågangen vil halde fram.
- Vi kan doble kapasiteten endå ein gong, og byggje ut etter behov.
- Vi skal gjere alt for at bedriftene kan halde aktiviteten i gang via heimekontor.

Store bedrifter

Driveklepp seier at Tussa IKT prioriterer sine 230 faste bedriftskundar.
På lista finn ein fleire av dei store bedriftene på Nordvestlandet.
- Vi har fleire innanfor fiskeindustri, møbel, offshore og bank.
- Vi har også kommunar og helseføretak, seier Driveklepp.

Tussatun

Sjølv om dei fleste kundane kjem frå Nordvestlandet, leverer Tussa IKT også tenester til selskap selskap som Jacobs Douwe Egberts Norge AS, tidlegare Friele i Bergen og Fiskå Mølle som er etablert fleire stader.
Data frå bedriftene vert samla i datasenteret i kjellaren på Tussatun i Hovdebygda. Her er det brann- og vassikre rom, tre straumkablar inn, to fiberkablar inn, to dieseleaggregat som koplar seg på ved straumbrot og to straumtavler.
- I tillegg har vi back up-løysing i Dragsund, for dei selskapa som ønskjer det, seier Driveklepp.
Vi kan doble kapasiteten endå ein gong, og byggje ut etter behov

Publisert: 17.03.2020 12:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54