Enorm interesse for skredkurs paa nett
UTEGUIDEN: Oscar Almgren har måtta permittere alle dei sju turguidane, men har kjempeoppslutning om skredkurs på nett.
Nytt

Enorm interesse for skredkurs på nett

Turguideselskapet Uteguiden har permittert alle turguidar, men opplever enorm interesse for online skredkurs.

31.03.2020
- Ja, første kvelden var vi 1.900, og vi håper å passere over 1.000 også tysdag kveld.
Det seier dagleg leiar Oscar Almgren i det Stranda-baserte selskapet.
På webinaret tysdag vil deltakarane blant anna få tips om korleis ein kan ferdast sikkert i fjellet, og korleis ein førebyggjer og unngår farlege situasjonar.
- Vi har allereie over 600 påmelde til i kveld, og det tikkar inn nye påmeldingar heile tida.
- Vi har påmelde frå heile Norge, men også frå Sverige, seier Almgren, som sjølv kjem frå Stockholm.

Nettkurs på engelsk

No er det planen å ha eit kurs også på engelsk.
- Ja, interessa er så stor at vi arbeider med eit webinar på engelsk.
Almgren seier at det er koronakrisa som har sett fart på arbeidet med dei nettbaserte kursa.
- Dette var eigentleg noko vi hadde tenkt på før, men no var det på tide å gjennomføre planane. Vi ser også på andre kurs, seier Almgren.
Han etablerte Uteguiden i 2008, med base på Stranda, og etablerte i tillegg Ålesund-avdeling i 2018.
Selskapet har hatt stor vekst, vart i 2018 kåra til årets reiselivsbedrift av Innovasjon Norge.

Starta året godt

Også 2020 starta veldig bra.
- Ja, det såg veldig bra ut, men i løpet av dei tre første dagane med koronarestriksjonar i Norge, miste vi turbestillingar for 600.000 kroner.
No har alt stoppa opp, og alle dei sju turguidane er permitterte.
Almgren håper ikkje at heile sesongen er øydelagt.
- Problemet er at vi ikkje veit når vi på nytt kan starte med aktivitetar, men det er heilt klart at 2020 vert eit utruleg vanskeleg år for Uteguiden.
- Det er akkurat i denne perioden av året vi har mest aktivitet.

Håper på kraftig rekyl

Han håper at det er muleg å få kompensert nokre av kostnadene.
- Ja, vi har ein del faste kostnader, og med tilnærma null i inntekter, vert dette vanskeleg å handtere.
Han håper på ein kraftig rekyl når koronakrisa er over.
- Vi håper og trur at det vert eit ekstra behov for å padle, gå toppturar, klatre og andre fysiske aktivitetar. Interessa på webinara gir i alle fall grunn til optimisme.

- Ikkje som normalt i Sverige

Almgren synst også det er interessant å følgje med kor ulikt svenske og norske styresmakter handterer koronakrisa, der svenske styresmakter seier bør der norske seier må.
- Det vert utruleg spennande å sjå kva for modell som faktisk har best effekt.
Men Almgren seier at dersom nokon trur at livet går som normalt i Sverige, så er det fullstendig feil.
- Eg har masse venner i Stockholm, og får stadig bilde av tomme gater, tomme restaurantar og tomme bussar.
- Også i Sverige tar folket dette på aller høgste alvor, men utan dei mange forboda og påboda som ein har i Norge.
I løpet av dei tre første dagane med koronarestriksjonar i Norge, miste vi turbestillingar for 600.000 kroner

Publisert: 31.03.2020 14:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55