Endrar hotellplanar i Hellesylt
KJEM IKKJE HER: Slik vart planane om hotell på Hellesylt presentert tidlegare. No er prosjektet på jakt etter ei ny tomt for sjølve hotellbygget. 
Nytt

Endrar hotellplanar i Hellesylt

Grand Hotell-bygget får stå og no er Flakk på jakt etter ny tomt for Basecamp Hotel. 

Marius Rosbach
11.02.2019
Planane for Basecamp Hotell på Hellesyltneset er endra: Utfordringane knytt til det skredutsette Åkneset gjer at prosjektet no ser etter ei anna plassering for sjølve hotellet.
Det er nettstaden som før helga omtalte endringane og viste til ein e-post frå Knut Flakk som er aksjonær i hotellsatsinga. Han meiner det ikkje vil vere mogleg å drive hotellet på forsvarleg vis om ein får situasjonar tilsvarande det ein opplever i Romsdalen ved Mannen, med stadige evakueringar og utryggleik.
Det er også kome motsegn frå både vegvesenet, fylkeskonservatoren og NVE som ville gi store ekstra utgifter til bygginga.
No er dei difor på jakt etter ei anna tomt for hotellbygget. Slik kan hotellet i staden verte ein ressurs i arbeidet med beredskapen i fjordbygda, påpeiker Flakk.
- Vi har diskutert ein rekkje ulike alternativ, men har til slutt konkludert med at det beste vil vere å gå for ei todelt løysning der vi etablerer sjølve Basecamp hotellet på ein godt eigna tomt utanfor risikosona – men likevel i nærleiken av Hellesylt – for så å nytte hotelltomta på Hellesyltneset som Fjordbase for alle aktivitetar knytt til sjøen/fjorden. Ei slik løysning vil sikre at hotelldrifta ikkje vert påverka negativt av Åkernes-problematikken. skriv Flakk.
Det opnar også for at det gamle Grand Hotell-bygget kan verte ståande som ein del av fjordbasen. Flakk seier at dei har fått mange postive tilbakemeldingar etter lanseringa av Basecamp Hotel.

Publisert: 11.02.2019 09:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31