Endleg nei til Stordal
IKKJE EIGEN FISK: Oppdrett i eigen regi kunne gitt meir råstoff til Norsk Sjømat på Stranda. No blir ikkje det noko av. 
Nytt

Endleg nei til Stordal

Fiskeridepartementet avslår klage. Norsk Sjømat får ikkje utviklingskonsesjon for lakseoppdrett. Kroken på døra for investeringar på ein halv milliard.

21.09.2020
Avslaget betyr kroken på døra for Norsk Sjømat sine planar om investeringar på 400-500 millionar kroner og 50-60 nye arbeidsplassar i Stordal.
- Du kan skrive at eg er fly forbanna, seier Per Magne Grøndahl, dagleg leiar og medeigar i fiskeindustriselskapet Norsk Sjømat på Stranda.
Norsk Sjømat vil starte landbasert fiskeoppdrett i tidlegare møbelfabrikkar i Stordal, men har no fått eit endleg nei på søknaden om å få utviklingskonsesjonar for lakseoppdrett.
Grøndahl meiner fiskeridirektoratet favoriserer dei store selskapa i næringa, og ignorerer dei mindre.
- Desse folka (som sit i Fiskeridepartementet, red. merk) er inkompetente. Eg er så drit lei at du anar det ikkje, seier Grøndahl.

Kroken på døra

Søknaden om utviklingskonsesjon vart først avslått i Fiskeridirektoratet (Les meir under Relaterte saker). Norsk Sjømat klaga til Nærings-og Fiskeridepartementet. No er svaret klart. Det blei nei på nytt, og det vedtaket kan ikkje klagast vidare.
Norsk Sjømat har og søkt om konsesjon til å drive eit såkalla visningsanlegg der publikum kan sjå korleis laksoppdrett blir drive. Også den søknaden er avslått i første omgang. Men sjølv om klagen i den saka skulle føre fram blir det ikkje noko av investeringa i Stordal. Til det er storleiken på visningkonsesjonen for liten til at den åleine gir eit solid nok grunnlag for å investere i Stordal, seier Grøndahl.

Store forventningar

Ordførar Eva Hove i Stordal er skuffa over avslaget. Kommunen har mist storparten av arbeidsplassane den hadde i møbelindustrien etter at mykje av møbleproduksjonen som var i Stordal er flytta ut, og vil gjerne ha ny aktivitet i fabrikklokala.
- Det var knytt store forventningar til dette. Det hadde betydd utruleg mykje for vår del at dei hadde fått denne utviklingskonsesjonen, seier ho.

Ettertrakta konsesjon

Utviklingskonsesjonar er ei ordning som blei innført for å stimulerer til teknologiutvikling i oppdrett som skal redusere problema med lakselus og rømming.
Dei som får slike konsesjonar får dei rimleg samanlikna med prisen på ei konsesjon kjøpt i marknaden, men må til gjengjeld ta risikoem med å investerer i ny teknologi.
Konsesjonane er ettertrakta mellom anna fordi dei gir søkjarane ein sjanse til vekst i ei næring som stangar i taket for kor stor oppdrettsnæringa får lov å bli før lakselus- og rømmingsproblema er løyst.
Norsk Sjømat vil bygge eit smoltanlegg i gamle møbelfabrikkar i Stordal og først setter fisken ut i sjøanlegg i slutten av vekstfasen. Det var ein metode som vart vegen for lett av fiskeristyresmaktene i høve til dei krav til nyskaping og verknad som var sett opp.

Tomme fabrikkar og nye 50-60 arbeidsplassar

Norsk Sjømat og samarbeidspartnaren, lakseavlselskapet Aqua Gen, ville bokstavleg tala fylle tomme møbelfabrikklokale langs sjøkanten i Stordal med nytt liv.
Fabrikkane skulle romme eit innandørs smoltanlegg, som skal ale fisken opp til ein større storleik enn det som er gjengs på vanlege smoltanlegg. Deretter skal fisken settast i sjøen, i anlegg som Norsk Sjømat søkte om å få som ein del av den samla søknaden.
Eg er så drit lei at du anar det ikkje

Publisert: 21.09.2020 06:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20