Endeleg oppover Bakke
OPPOVER: Endeleg ein liten børsopptur for Havyard Group og konsernsjef Geir Johan Bakke.
Nytt

Endeleg oppoverBakke

For tredje dag på rad er Havyard Group børsvinnar.

26.05.2016
Dette er godt nytt for hardt prøva Havyard Group-aksjonærar, inkludert konsernsjef Geir Johan Bakke. Han eig 5,3 prosent av selskapet, og har sett at verdien av aksjeposten har klatra frå tre til knappe sju millionar kroner på tre dagar.
- Ja, alternativet til oppoverbakke er nedoverbakke, både for bransjen og landet, seier Bakke.

- Frå veldig lavt nivå

Han viser til at oppturen siste dagane kjem frå eit veldig lavt nivå.
- Aksjekursen har gjenspegla både tap på prosjekt og risiko på kundar. Begge deler er no normalisert, seier Bakke.
Ved lunjstid torsdag vert Havyard Group-aksjen handla til rundt 5,70 kroner aksjen. Det er ein auke på over 20 prosent frå i går.

Opp 130 prosent

Men auken hittil denne veka er på nesten 130 prosent, opp frå 2,50 kroner aksjen til 5,70 kroner.
Oppgangen kjem etter at selskapet la fram plusstal for første kvartal etter ein tøff periode med tap, oppseiingar og permitteringar.

Les her:


Aksjen var på det lavaste prisa til 2,12, og heile selskapet dermed verdsett til konkursprisen 47 millionar kroner.
Etter resultatpresentasjonen, har tydelegvis ei rekkje investorar fått tilbake trua på selskapet.

Langt igjen til normalen

Det siste er ikkje minst godt nytt for Per Sævik og familien som gjennom Havila Holding eig 63,5 prosent av Havyard Group. På det lavaste har aksjeposten vore prisa til vel 30 millionar kroner. No er posten verdsett til 81 millionar kroner.
Trass oppturen siste dagane, er det langt fram til verdsetjinga då selskapet gjekk på børs i juli 2014. Då var kursen 34 kroner aksjen og samla verdi 765 millionar kroner.
Torsdag midt på børsdagen er selskapet prisa til 128 millionar kroner.

Obligasjonslån

Geir Johan Bakke trur på vidare kursauke, med dei eigardeler og satsingar konsernet har. Han viser også til at det er tatt betydelege nedskrivingar i skip, som ein har eigardeler i.
- I ein normalsituasjon skulle det liggje ein betydeleg meirverdi i selskapet., men om ikkje marknaden betrar seg er det usikkerheit knytta til eit obligasjonslån som forfell neste sommar, seier han.

Publisert: 26.05.2016 12:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57