Endeleg klar for fiske i Barentshavet
REMØYBUEN: Endeleg klar for fiske. Frå venstre Wojtek Nowinski, Fredrik Sande, Vegard Kvalsvik, Filip Leikanger, Hans Remøy, Dmitry Khramtsov og Dag Remøy.
Nytt

Endeleg klar for fiske i Barentshavet

Nye Remøybuen er eit halvt år forseinka, men no gler mannskapet endeleg å kome seg på fiske og teste ut snurrevadbåten.

26.06.2020
- Ja, det skal vere godt å kome i gang. Vi reknar med at vi kan gå til Barentshavet i midten av neste veke, seier reiar Hans Remøy.
Den 28 meter lange kystbåten kom til Remøya fredag. Laurdag er det dåp på Almenningskaia i Fosnavåg, med Gerd Rødset, gift med Hans Remøy, som gudmor.
- Det er ein flott båt, sjølv om det har vore nok av utfordringar undervegs, seier Remøy.

Flytta frå Vard Aukra

Utfordringane starta ved skrogverftet i Braila i Romania, då det var så lite vatn i Donau at båten måtte kuttast i to og slepast ned elva for deretter å sveisast saman og slepast vidare til Norge.
Utrustinga skulle deretter skje ved Vard Aukra, men verftet vart seld, og sluttarbeidet vart flytta til Vard Langsten i Tomrefjord.
Med kvoter er heile prosjektet på rundt 150 millionar kroner.
- Ja, det er ei frisk satsing, men dette er noko vi har god tru på, seier Remøy.
Med sine 28 meter er Remøybåten av klassen stor kyst.

Ny fryseløysing

Om bord er det fabrikk og fryseri med ein kapasitet på 15 tonn i døgnet etter eit konsept som Hans Remøy har utvikla i lag med Trond Kvalsund i Fosnavåg-selskapet West Marine.
Det er MMC First Process som har levert fryseri og ombordproduksjonsfabrikken, ein kontrakt som inkluderer alt fra mottaksbinge inntil ferdig produkt i lasterom.
Med den nye løysinga vil fisken kome i sjøtemperert vatn inn til sløyefabrikken og rett til tre vertikalfrysarar.
Bak satsinga står Hans Remøy og broren Dag, saman med Helge Kvalsvik og sonen Vegard Kvalsvik.
Vegard Kvalsvik og Dag Remøy skal byte på å vere skipperar om bord.

Elektriske vinsjar

Remøybuen har kvoter på 250 tonn torsk, 350 tonn sei og kan i tillegg fiske 5-600 tonn hyse.
Hans Remøy seier at ein årleg bør fiske for rundt 20-25 millionar kroner.
- Vi satsar på å klare minst 1.000 fryst fisk i året.
Av nysatsingane er elektrisk drift på vinsjar og pumper, ei satsing selskapet har fått Enova-støtte til.
Om bord skal det vere eit mannskap på ni. Dei er fordelte i ein- og tomannslugarar.
Det er ein flott båt, sjølv om det har vore nok av utfordringar undervegs

Publisert: 26.06.2020 09:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59