Endeleg kan det verte slutt paa kliss vaate reisande
VIGRA: Buss-passasjerar som sist søndag ventar ute i regnvèr for å kome inn i bussen på Vigra. No kan dette problemet snart verte løyst. Jan Thormodsæter i Mafoss jublar for planane.
Nytt

- Endeleg kan det verte slutt på kliss våte reisande

Dagleg leiar Jan Thormodsæter i Mafoss jublar for planane om ny hurtigbåtkai på Vigra. Han er grundig lei meldingar om kliss våte reisande.

17.09.2019
- Vi får stadige meldingar om reisande som har mist flybussen frå Vigra, og vert ståande landtroll der i lang tid.
- Men verst er alle meldingane om reisande som har vorte kliss våte av å stå ute før dei har fått lov til å gå inn i bussen på Vigra eller på hurtigbåtkaia på Valderøya.

- Ei våt reise

Det seier Jan Thormodsæter i Mafoss (Maritim forening for søre Sunnmøre). Foreninga har rundt 40 bedriftsmedlemar, og Thormodsæter seier at det dårlege kollektivtilbodet til og frå flyplassen på Vigra har ført til mykje frustrasjon.
- Spesielt har mange vore frustrerte over at det ikkje har vore muleg å få til løysingar for å hindre at reisande må stå ute i all slags vêr.
- Sjølv om det har vore mykje av både vind og regn, har mange reisande opplevd at det har gått lang tid før dei har kome seg inn i bussen, noko som har ført til ei våt og trasig reise.

Sjølvgåande shuttlebuss

Men no kan dette problemet snart vere løyst, om planane for Utviklingsselskapet for Ålesund Lufthavn Vigra vert realiserte.
Planane går ut på å få bygt ein hurtigbåtterminal ved rullebana aust for flyplassen på Vigra. Derifrå skal ein sjølvgåande shuttlebuss frakte flypassasjerane mellom flyplassen og hurtigbåten.
- Dette er framtidsretta planar, som vi støttar fullt ut, seier Thormodsæter.
- Eigentleg heilt fantastisk, seier han.

Mykje frustrasjon

Thormodsæter viser til at det er mange av medlemane i Mafoss som reiser både ofte og langt.
- Dei opplever at det meste fungerer både i aust og vest, men at problema oppstår gjerne i starten på reisa på hurtigbåtakaia på Valderøya eller ved heimreisa med buss frå flyplassen på Vigra.
- Dette skaper mykje frustrasjon, og vi kan ikkje ha det slik framover.
Inntil den nye hurtigbåtterminalen er på plass, vil Utviklingsselskapet arbeide for å betre dagens kommunikasjonstilbod.
- Også veldig bra. Her må det vere muleg å få til smidigare løysingar som tek meir omsyn til dei reisande enn kva tilfellet er i dag, seier Thormodsæter.
Problema oppstår gjerne i starten på reisa på hurtigbåtakaia på Valderøya eller ved heimreisa med buss frå flyplassen på Vigra

Publisert: 17.09.2019 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39