Emerald Fisheries sak utsett for tredje gang
IKKJE KONKURSSAK: Stig Remøy er storaksjonær i Olympic Holding-konsernet, som Emerald Fisheries er ein del av. No er konkurssaka mot krillfiskeriselskapet utsett på ny.
Nytt

Emerald Fisheries-sak utsett for tredje gang

Konkurskravet frå Skatt Midt-Noreg mot Emerald Fisheries kjem ikkje opp for retten i dag. Saka er utsett på ubestemt tid.

20.09.2016
På lista berammingslista over saker som skal opp i Søre Sunnmøre Tingrett i dag sto i går konkurskravet frå Skatt Midt-Noreg mot Emerald Fisheriers.
No er saka fjerna frå berammingslista, og heller ikkje flytta til ein ny dag.
- Den er utsett på ubestemt tid, seier dommarfullmektig Cathrin Lid Heilund ved Søre Sunnmøre Tingrett. Ho vil ikkje kommentere kvifor saka er utsett, men seier ho ventar det vil foreligge ei avgjerd i løpet av relativt kort tid.

Utsett to gongar

Skatt Midt-Noreg begjærte Emerald Fisheries konkurs etter at selskapet ikkje hadde betalt eit momskrav på 13,3 millionar kroner.
Saka var opp i retten første gang 30. august i år. Der bad advokat Arild Gjelsvik, på vegne av Emerald Fisheries, om meir tid, slik at Emerald Fisheries skulle rekke å få på plass ein avtale med kreditorane og refinansiere selskapet. Han opplyste at Emerald Fisheries hadde inngått ein "standstill-avtale" - stopp i utbetalingar frå selskapet - med dei største kreditorane fram 15. september for å få tid til å finne ei løysing.

Det framlegget gjekk Skatt Midt-Noreg med på og saka vart først flytta til i går, mandag 19. september. Før helga vart saka utsett til i dag klokka 11, før den no er teken av berammingslista utan at ny dato er sett opp.

Arrest i båten

Emerald Fisheries driv krillfiske i Sørishavet med krilltrålaren "Juvel".
I førre veke vart trålaren tatt i arrest i Danmark, etter ein kjennelse i retten i Hjørring.

I 2014 hadde Emerald Fisheries driftsinntekter på 152 millionar kroner, eit driftsresultat på 18,3 millionar og eit underskot før skatt på 10,6 millionar kroner.
Gjelda var 402 millionar kroner. 2015-reknskapen er ikkje offentlegjort enno.
Emerald Fisheries er eigd av Rimfrost, som i sin tur eir eigd av Olympic Holding, med Stig Remøy som største aksjonær.
Krillen blir fiska og prosessert ombord, Rimfrost står for sal og marknadsføring medan produksjonsselskap i USA og New Zealand bearbeider fangsten.

Publisert: 20.09.2016 08:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00