Emerald Fisheries konkurs
FORHANDLAR: Emerald Fisheries advokat Arild Gjelsvik (t.v.) fekk retten og Skatt Midt-Norge med på å utsetje konkursbegjæringa då den kom til retten 30. august i fjor. Til høgre dagleg leiar Bjørnar Kleiven i Emerald Fisheries. No blir det konkurs likevel, etter at dei frivillige gjeldsforhandlingane ikkje førte fra,
Nytt

Emerald Fisheries konkurs

Gjeldsforhandlingane i krillselskapet førte ikkje fram.

27.08.2018
Det er advokat Thore Heggen, som har leia dei frivillige gjeldsforhandlingane, som har bedt om at det blir opna konkurs.
"Kravsmålet er grunngjeve med at det ikkje er utsikt til at skuldnar vil oppnår frivillig gjeldsordning eller tvangsakkord. Emerald Fisheries AS stadfestar at det ikkje synast å vere grunnlag for vidare forhandlingar i brev daterte 6. februar 2017." heiter det i kjennelsen frå Søre Sunnmøre Tingrett.
Heggen sat i gjeldsnemda saman med advokat Erik Sandø og Kjell Storholm frå Skatt Midt-Norge. Sandø representerte pantekreditorane Nordea, Giek og Innovasjon Norge.
Les meir om striden rundt Emerald Fisheries i Relaterte saker

Starta med momskrav

Det var eit ubetalt momskrav på 13,3 millionar kroner som var starten på sluttetappen for Emerald Fisheries, der Stig Remøys selskap har vore største eigar.
Emerald Fisheries er fiskeriselskapet som har drive krilltrålaren Juvel, meda Rimfrost er vidareforedling og salsselskapet.
Skatt Midt-Noreg kravde konkurs i august i fjor, men partane vart samde om å utsette saka og seinare om å starte frivillige gjeldsforhandlingar.

Forhandlingane held fram ut over den opphavlege tre-månadersfristen, men 8. februar i år skreiv Thore Heggen til retten og ba om at gjeldsforhandlingane blei avslutta og konkurs opna.

340 millionar i gjeld

Emerald Fisheries har rundt 340 millionar kroner i gjeld til dei tre pantesikra kreditorane, og det var dei som til slutt sette ned foten, i følgje Heggen.
- Avstanden etter forhandlingane mellom selskapet og pantekreditorane er så stor at at ein ikkje har funne grunnlag for å utarbeide eit forslag som kan gå ut til samlege kreditorar, seier Heggen.
Heggen er utnemd som bustyrar i konkursen, og gjeldnemda sin revisor, Helge A. Østvold, blir burevisor.

Vil selje båten

Louise Haahjem, leiar for sjømatsektoren i Nordea, seier "Juvel" no blir lagt ut for sal, medrekna krillkonsesjonen som er knytt til fartyet.
- Vi må inn og få seld det vi har pant i. Det er det som blir fokuset vårt framover, seier Haahjem.
Målet er å finne ein norsk kjøpar, slika t båt og konsesjonen til å drive fisket kan seljast samla. Går ikkje det er alternativet å selje båten til utlandet, og konsesjonen for seg.
Haahjem seier banken ikkje har hatt anledning til å ha kontakt med eventuelle interessentar før konkursen.

Strid med Aker Biomarine

Då retten behandla det første konkurskravet i fjor haust sa selskapet sin advokat at årsaka til vanskane var "faktorar utanfor selskapet sin kontroll".

Etterkvar kom det fram at faktorane advokaten vist til var ein strid med konkurrenten Aker Biomarine, som har tatt rettslege steg mot Emerald Fisheries og søsteselskapet Rimfrost, etter skuldingar om at Emerald Fisheries/Rimfrost hadde brote Aker Biomarine sine patentar knytt til krill i USA.

Den striden er framleis ikkje løyst, og søksmålet gjekk ut over salet i USA i følgje Emerald Fisheries/Rimfrost.

Arrest i skipet

Midt under arbeidet med å unngå konkurs og få i gang frilvillige gjeldsforhandlingar fekk bunkersselskapet Scandinavian Bunkering tatt arrest i krillskipet Juvel. Skipet er ligg ved Skagen i Danmark, og arresten er ikkje oppheve i følgje Heggen.
Ei av dei første oppgåbven for bustyraren blir å få kontroll med skipet.
Kva som skjer med krillkonsesjonen, som gav Juvel rett til å drive fiske etter krill i Sydishavet er ikkje avgjort, seier Heggen.

Publisert: 27.08.2018 08:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06