Eldste skipper paa yngste baat
GØY PÅ SJØEN: Spenninga i jakta på fisken er framleis den same. Eit rikt liv, men du må ha det i blodet, seier Per Inge Kvien. 
Nytt

Eldste skipper på yngste båt

Han starta karrieren i 15-mannslugar utan dusj, og navigerte etter stjernene. 58 år etter er han eldste skipper i havfiskeflåten, men med den aller nyaste båten.

23.02.2015
- Det er gøy, det er klart.
Sidan han dro på fiske som 15-åring har ikkje vartdalingen Per Inge Kvien (snart 73) arbeidd på land anna enn når båten han har vore på har vore på verkstad.
Spenninga i jakten på fisken, og konkurransen mellom båtane på havet kjennest framleis i kroppen. Dette er ingen rutinejobb.
- Kva dagen vil bringe, det veit du ikkje noko om, seier han.
Kvien nøler ikkje med å tilrå unge å velje fiskaryrket.
- Eg synest det er fornuftig. Det er eit rikt liv, men du må ha det i blodet.

Yngste skipet i flåten

Går alt som Kvien vil og vonar er han komande helg på plass i internasjonalt farvatn vest om Irland, på jakt etter kolmule - eit fiske han var ein av pionerane i tidleg på 70-talet.
Men denne gongen kjem vartdalingen med den splitter nye M.Ytterstad, topp moderne, 75 meter lang og tre gongar større enn den han fiska med i kolmuledebuten i 1973.
Allereie tidleg på 70-talet var Kvien ein erfaren fiskebåtskipper, no er han den mest erfarne.
73-årsdagen er like om hjørnet, og Kvien kunne ha pensjonerte seg allereie for 13 år sidan, men det var ikkje aktuelt. At han vart enkemann i 2003 medverka og til at han valde å halde fram på sjøen.
Han har nettopp passert den årlege legesjekken, med melding om at han er frisk og fin.
-Det er klart at pensjonering tenkjer eg på av og til, men eg håpar at helse og vet og forstand er intakt ei stund til, så eg slepp og gi meg no, seier han.
Kvien er ikkje berre seig, men også stabil. I 20 år har han segla for Ytterstad Fiskeriselskap, og før det igjen i 30 år for Vartdal Fiskeriselskap.

Lag brua sjølv

Då Kvien avslutta kolmulesesongen på vårparten i fjor bar det rett til Tyrkia som inspektør under bygginga av nye M. Ytterstad ved Besiktasverftet ved Istanbul. Fram til nyleg har Kvien budd i Istanbul, med korte turar heim til Noreg, før han i førre veke kom heim frå verftet med fartyet.
Brua, med plassering av konsollar og skjermar, har han langt på veg utforma sjølv, nøye tilpassa dei ulike fiska som fartyet skal drive. Båten har den nyaste elektronikken som er å få i marknaden, mannskapet har einmannslugarar med eige bad, her er kinosal og trimrom.
M. Ytterstad er eit ringnotfarty (som fiskar sild, makrell og lodde) og som i tillegg har kolmulekonsesjon. Fartyet er i tillegg utrusta med laboratorium slik at det kan ta på seg oppdrag for havforskarar, og har dynamisk posisjonering som er naudsynt om det skal ta på seg oppdrag for olje- eller oppdrettsnæringa. Sjølve fisket er unnagjort på eit halvt års tid, difor har reiarane satsa på at det kan hentast ekstra inntekter utanom fisket.

Fritt fiske

Kvien reiste på fiske før det var kvoter og reguleringar. Det var berre å utruste ein båt og legge ut.
Det er forlengst historie, og ringnotflåten som M. Ytterstad er ein del av, er blant dei flåtegruppen som har gått langt i å samle fisket på færre båtar. Etter at regjeringa nyleg heva kvotetaket slik at makskvoten pr. farty aukar med 30 prosent, står flåten truleg føre ein runde som vil ende opp med enda færre farty og enda høgare prisar på kvotane.
No har inngangsbilletten for å kome seg inn i fisket blitt så høg at det bekymrar Kvien.
- Ein ungdom kan ikkje skaffe kapital til å byrje for seg sjølv, han må arve, seier han.

15 mann på lugaren

Kvien starta fiskar-karrierensom 15-åring i 1957, på storsildfiske med faren sin båt, "Vesleper".
- Vi var 15 mann på ein lugar, seier Kvien.
Dusj var der ikkje, korkje på lugaren eller nokon annan stad ombord. Slik luksus kom seinare. Dusje fekk dei gjere på velferdshuset når dei var på land og leverte fangsten.
Navigering gjekk etter radiofyr, og posisjonen vart fastsett med sekstant om dagen og etter stjernene om natta. Dei første ekkolodda skreiv ut svartkvit-bilete av signala.
No har han skjermar i fleng på brua.
- Eg heng med. Har du vore med heile tida så har du fått det gradvis. Men kvart instrument gir så mange moglegheiter at det trengs tid til lære å utnytte dei fullt ut, seier Kvien.

Drivande isfjell

Området vest for Irland er berykta mellom kolmuefiskarane, men med moderne båtar er dette fisket noko heilt anna enn då har starta i i 1973. Større båtar med kraftige motorar og betre stabilitet gjer fiske langt tryggare enn det var før.
-Det er stor forskjell, seier Kvien.
Det er ikkje alltid han har vore like avslappa på brua.
- Det har vore så friskt somme tidar at det har vore tøft. I tett snøver ved Grønland, slik at du ikke såg noko på radaren, og med drivande isfjell, då vart du litt skeptisk, seier Kvien.
- Det er gøy, det er klart.

Publisert: 23.02.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41