Ekstrarekning med straum
DÅP: Gudmor Ragnhild Berge døyper Skopphorn, hybridferja som trafikkerer Aursnes - Magerholm. Bak frå venstre Havyard Group-sjef Geir Johan Bakke, styreleiar Vegard Sævik i Fjord 1 og administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord 1.
Nytt

Ekstrarekning med straum

Batteriferjer fordyrar ferjedrifta med omlag 250 millionar kroner i året på riksvegsambanda. I Møre og Romsdal aukra ferjekostnadane med over 60 millionar kroner neste år, mykje på grunn av at fylket har stilt krav om reduserte utslepp.

19.11.2019
Ferjene Rovdehorn og Skopphorn som Fjord1 døyper i dag er eit nytt steg på vegen mot ei ferjedrift utan utslepp. Ferjene, som alt er i drift mellom Magerholm og Aursnes i Sykkylven, går delvis på batteri som blir lada frå land og delvis på straum frå dieselgenerator.
Dei er en del av den såkalla Sulapakken, som også omfattar Hareid-Sulesund, der ferjene skal kunne gå berre på batteri.
Poenget med batteri og elmotorar er få ned utsleppa, spesielt av CO2, som blir rekna som ei gass som bidrar til drivhuseffekt og auka oppvarming.

Ekstrarekning

Miljøsatsinga har ein pris. Møre og Romsdal får ekstra ferjekostnadar på over 60 millionar kroner neste år, og elektrifiseringa er mykje av forklaringa i følgje økonomisjef Willy Sægrov i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Statens Vegvesen er og i ferd med å elektrifisere riksvegferjesambanda. Når elektrifiseringa er i mål utgjer det rundt 250 millionar kroner ekstra kostnadar årleg, samanlikne med bruk av fossilt drivstoff etter Statens Vegvesen sine berekningar, i følgje Edvard Thonstad Sandvik, sjef for ferjeavdelinga i Statens Vegvesen.

Nye kaier

Elektrifiseringa krev mellom anna nye kaier, mellom anna med anlegg for å lade batteria når ferja ligg ved kai.
Møre og Romsdal fylkeskommune skal ruste opp ferjekaiene sine for 650 millionar kroner i åra 2018-2022.
Det er Nordmørspakken (275 millionar kroner) og Sulapakken (298 millionar kroner) som er dei to største utbyggingsprosjekta. Nordmørspakken omfattar fire samband, Sulapakken to.

Publisert: 19.11.2019 15:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44