Eksportsatsing sett paa vent av korona
PÅ VENT: Sykkylven Stål-sjef Karl Inge Rekdal må konstatere at eksportsatsinga til bedrifta må settast på vent. 
Nytt

Eksportsatsing sett på vent av korona

Sykkylven Stål var rigga for kraftig vekst, men no er dei fleste tilsette permitterte. Sjefen er berre passe nøgd med krisehjelpa.

Marius Rosbach
13.05.2020
For tredje gong på drygt ti år har Karl Inge Rekdal og Sykkylven Stål vore nøyd til å omstille drifta. Første gong var finanskrisa, deretter kom oljeprisfallet – og no er det konsekvensane av koronapandemien som skapar utfordringar.
Bedrifta som har gått frå møbel til maritim marknad – og tilbake att til ei 50/50-fordeling, venta i år ei auke omsetninga på kring 40 prosent med patenterte funksjonsløysningar for kvilestolar.
- Vi var i ferd med å gå internasjonalt på møbel, og venta å gå frå kring 50 til 70 millionar kroner i totalomsetning. Auka omsetning skulle i hovudsak skje ved auka eksport, fortel Rekdal til NETT NO.
I november tilsette dei eigen eksportsjef og var i ferd med å gå internasjonalt då ting stoppa heilt opp.

Ville permittere delvis

Heldigvis hadde dei ei ordrereserve å flyte på, men Rekdal er ikkje heilt nøgd med kva for krisehjelp dei får frå styresmaktene så langt.
– Mange i industrien har ei ordrereserve som oss. Eg kunne tenke meg å permittere dei tilsette berre delvis, slik at vi kunne strekke perioden med aktivitet, forklarar han.
Til vanleg er det slik at dagane med lønnsplikt for staten blir telt i samsvar med dagar dei tilsette er permitterte, men det er ikkje tilfelle med kriseløysinga som no er sett i verk. I staden blir dagane telt frå første dag uavhengig om ein er på arbeid innimellom.
– For å få full effekt av tiltakspakka må ein nå permittere 100 prosent i fire veker. Resultatet er at dei tilsette tapar lønn, seier Rekdal.

– Reglane må tilpassast behova

Rekdal er leiar i NHO sitt forum for små og mellomstore bedrifter og håpar på betre gjennomslag framover for korleis tiltaka blir utforma.
– Reglane må tilpassast behova bedriftene har, og bli gitt på en slik måte at færrast mogleg går konkurs, seier han.
Førebels er det laga ei ordning, den sokalla kontantstøtta, som hjelper bedrifter som har omsetningssvikt frå mars til mai månad. I slutten av mai legg regjeringa fram kva for tiltak som blir framover, og Sykkylven Stål-sjefen håpar ei tilsvarande støtteordning blir vidareført.
– Vi fekk ikkje dekt faste kostnader for mars, men dessverre viser tala for april ein svikt på over 30 prosent. Vi har difor rett på støtte for denne månaden, seier han.

Spent på NHO-vegkart

Tidleg neste veke skal NHO-styret behandle forslaget til ei vegkart for framtidas næringsliv, der ein sett seg mål fram mot 2050. I arbeidet med strategien, er det mellom anna der potensiale for verdiskaping er stor framover.
Grunna koronakrisa må det tenkast nytt om mykje av utfordringane, men ein del ligg framleis fast. Rekdal påpeiker at vegkartet vil bli eit viktig verktøy for å påverke styresmaktene framover.
Han er ein ivrig , spesielt for små- og mellomstore bedrifter. Det viktigaste meiner han kan oppsummerast slik: Forenkling og tilgang på kompetanse, kapital og kundar.
Samtidig treng bedriftene krisehjelp for å takle konsekvensane av pandemien.
– Eg opplever at det politiske Norge har bretta opp ermane og verkeleg gjer ein innsats - og vi er eit land med pengar på bok, men vi må nytte dei pengane mest mogleg fornuftig, påpeiker Rekdal.

Les også:



Analyse:



Vi er eit land med pengar på bok, men vi må nytte dei pengane mest mogleg fornuftig

Publisert: 13.05.2020 17:32

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:57

Mer om