Eksportkreditt tilbyr fiskarane fleksibiltet
FLEKSIBILITET: I kombinasjon med bank kan fiskarane låne frå Eksportkreditt til fartybygging i Noreg og likevel få den fleksibiliteten dei vil ha om det skulle kome tøffe tider. 
Nytt

Eksportkreditt tilbyr fiskarane fleksibiltet

Fiskarane kan gjere som offshorereiarane gjorde, og få lån frå Eksportkreditt utan å gi avkall på fleksibiliteten i eit vanleg banklån.

20.02.2018
- Viss du kombinerer lån frå Eksportkreditt med bankfasilitetar så får du det beste av begge verder.
Det seier Olav Einar Rygg, ansvarleg for utlån til "Ocean Industries" i Eksportkreditt, som mellom anna omfatta fiskeri.
I førre veke skreiv NETT NO og skepsisen hos fiskarane til å låne pengar frå Eksportkreditt - med garantiar frå Giek - om dei byggjer fiskefarty hos norske verft. Fiskarane frykta ei ordning der det ikkje er rom for å utsette avdrag og forlenge låneperioden.

Lett å løyse.

- Det er eit godt poeng, men det fullt løysbart, seier Rygg om skepsisen frå fiskarane.
Fiskarane vil ha fleksibilitet fordi erfaringane deira er at både fangst og prisar kan svinge mykje. Då vil dei ikkje sette reiarlaget på spel med eit lån der vilkåra ikkje er slik at svingingane kan handterast.
Det er eit utfording også for offshore-reiarane, som dei løyste ved eigne avtalar med bankane.
- Viss du vil strekke løpetida, eller utsette avdrag så må du gjere det i samspel med bankfasilitar, seier Rygg.
Det betyr for eksempel at fiskaren inngår ein avtale med banken om eit rammelån som kan trekkast på dersom reiarlaget ikkje kan betale på avdrag til Eksportkreditt.
Sjølv med ein slik rammeavtale i tillegg til lånet frå Eksportkreditt meiner Rygg Eksportkreditt er eit gunstig alternativ for fiskarar som vil bygge i Noreg.

Skal møte næringa

Eksportkreditt har registrert skepsisen til låneordninga frå fiskarane si side. Framover våren skal Eksportkreditt ha møte med både verft, fiskebåtreiarar og bankar for å informere om ordinga.
Fiskarar som vil låne pengar frå Eksportkreditt kan søkje allereie no, men ordinga blir først gjeldande etter at Stortinget har vedtatt den - noko som ligg an til å skje i løpet av våren.

Publisert: 20.02.2018 11:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18