Eit viktig gjennombrot for oss
GJENNOMBROT: Stø Technology ved arbeidande styreleiar Arne O. Flø og arbeidande styreleiar Ole Gunnar Hvamb med samarbeidsavtale med Nergård Havfiske. - Eit gjennombrot, seier dei.
Nytt

- Eit viktig gjennombrot for oss

Stø Technology inngår samarbeid med Nergård Havfiske, og merkar stor interesse frå utlandet for fangstinnhenting med autonom undervassfarkost.

12.06.2019
Harstad-selskapet Nergård Havfiske startar samarbeid med Stø Technology, som med konseptet Trawl 2,0 vil hente fisk frå trålen med ein autonom undervassrobot, slik at ein slepp å ta trålen opp under fisket.
Nergård Havfiske har fire moderne frysetrålarar, og har i tillegg ein 80 meter lang trålar under bygging ved Vard Brattvåg.
På ein av trålarane skal teknologien etter planen testast ut.

- Felles interesser

Dagleg leiar Arne O. Flø i Stø seier at samarbeidsavtalen er eit viktig gjennombrot.
- Ja, det er viktig for oss å inngå samarbeid med ein stor norsk fiskeriaktør.
- Med sterke felles interesser retta mot kvalitet, berekraft og auka lønsemd er Nergård ein god partner, seier Flø.

Arbeidande styreleiar Ole Gunnar Hvamb seier at det er viktig å få aksept for konseptet frå marknaden.
- Dette er eit viktig steg fram mot kommersialisering av produktet, der ein rundt ti meter lang undervassrobot skal hente opp fangsten i passe porsjonar under aktivt fiske.
- Siste vekene har vi tatt store steg i utviklingsarbeidet, seier han.

Trawl 2,0

Utviklingsarbeidet skjer frå basen i den gamle spikerfabrikken i Ålesund.

Saman med Pål Arne Roaldsnes og Jan Børge Vik er Arne O. Flø og Ole Gunnar Hvamb dei sentrale drivkreftene bak utviklinga av Trawl 2,0, som konseptet heiter.
No skal det hentast inn rundt 20 millionar kroner, der Innovasjon Norge bidreg med halvparten.
- Vi har hittil fått inn rundt halvparten av summen, men vi har god tru på at vi skal nå målet, seier Flø.

Samarbeid i to deler

Han viser til at Nergård-eigde Nergård Havfiske var ein av partnerane i forskingsprosjektet CRISP (2011-2019), og har lenge vore ein viktig pådrivar for innovasjon, forbetra fiskekvalitet og auka berekraft i eiga næring.
- Innsatsen som Nergård har lagt ned i fleire forskingsprosjekt har overbevist oss om at selskapet er rett partnar å ha med på laget, seier Flø.
Samarbeidet mellom Stø og Nergård Havfiske består av to sentrale deler. Den første går ut på å finne ei fullgod løysing for fysisk integrasjon mellom Trawl 2.0-systemet og ein konkret Nergård-trålar.
- Dette omfattar ein plan for dokking, pumping, mellomlagring, interntransport, samt mobilisering og demobilisering av utstyret, seier Flø.

Vil lære av mannskapet

I del to vil ein inkludere mannskapet om bord i trålaren for tilpassing til den nye fangstmetodikken.
- Dette er ikkje meir komplisert enn at vi må snakke med dei som best veit kvar skoen trykker, seier Flø.
Han opplyser at eit overordna mål også er at dei to at organisasjonene skal lære kvarandre betre å kjenne gjennom prosessen, og legge grunnlaget for eit godt pilotprosjekt og eit tett samarbeid vidare framover.
Stø vil no i 16-18 månader utvikle basisteknologien i den autonome undervassfarkosten 'Humla', før ein skal i gang med eit fullskala pilotprosjekt mot slutten av 2020.

Stor New Zealand-interesse

I tillegg til samarbeidsavtalen med Nergård Havfiske, har aktørar i fleire land vist interesse for Stø-teknologien.
Ikkje minst gjeld det to fiskeriselskap på New Zealand, som har utvikla ein ny trålpose.
- Partane sit kvar for seg på spennande teknologi som kan utfylle kvarandre på ein veldig god måte, og målet er no eit tett samarbeid framover, seier Flø.
Han meiner at marknadsutviklinga vil føre til at ny fangstteknologi uansett vil verte tatt i bruk.
- Globalt er det eit veksande fokus på berekraftig fiskeri, som igjen vil føre til utvikling av ny teknologi.
- I tillegg til New Zealand, har vi etablert kontakt med spennande aktørar både i Spania, Russaland og USA, seier Flø.
Globalt er det eit veksande fokus på berekraftig fiskeri, som igjen vil føre til utvikling av ny teknologi

Publisert: 12.06.2019 11:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36