Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

For bestilling av årsabonnement - Kontakt Magnus på magnus@nett.no

Teikn ditt månadsabonnement i skjemaet under.

129,- pr. mnd.
Eit todelt næringsliv i koronaåret

RAMMA ULIKT: Ann-Helen Svinø ved Bro, det største restaurantselskapet i Ålesund, og Anita Tilseth ved Hageland i Furene, har opplevd to heilt ulike år som følgje av koronapandemien.

Eit todelt næringsliv i koronaåret

Frykta for at 2020 skulle bli eit heilsvart år ser ut til å ha blitt gjort til skamme. Les analyse og sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet.

Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under saka

ANALYSE:

Bedriftene på Nordvestlandet fekk eit oppsving både i inntekter og lønsemd i 2019. Dei største tapa er enda meir konsentrerte om eit fåtal bedrifter og bransjar. Av selskapa på Nordvestlandet som gjekk i minus i fjor stod ti selskap for nesten 70 prosent av underskotet.

Og trass i koronaepidemien har store deler av næringslivet klart seg godt hittil i 2020.

– Det var mellom lunsj og middag 12. mars, vi hadde ingen andre val enn å stenge, sa dagleg leiar og medeigar i restaurantselskapet Bro i Ålesund, Ann-Helen Svinø til NETT NO i oktober i år.

Ho og kollegaene lever av at folk møtest. Koronaepidemien og tiltaka mot den, førde til at heile restaurantbransjen blei kasta ut i uvisse, ei uvisse bransjen framleis lever med. Bro hadde blitt det største restaurantselskapet i Ålesund allereie i sitt første heile driftsår - i 2019. 2020 skulle gi ytterlegare vekst og plussresultat. 

På kjøpesenteret Amfi Moa var det til tider folketomt, som biletet frå starten av april viser. Frisørar og andre verksemder med fysisk kundekontakt måtte stenge. Andre stengde av smittvernomsyn og/eller fordi kundane uteblei.

Denne artikkelen er berre noko av innhaldet i det 84 sider store NETT NO-magasinet om næringsliv og samfunnsliv på Nordvestlandet.

Les heile NETT NO-magasinet 2020I tillegg til intervju med ein rekke optimistar frå ulike bransjar, gir magasinet for åttende år på rad oversikt over hvordan det går med næringslivet på Nordvestlandet. 

Koronaboom i hagen
Nesten umiddelbart etter at store deler av aktiviteten i samfunnet vart stengt, kontortilsette flytta til heimekontor og handspritdispensarar dukka opp over alt, skaut etterspørselen i veret hos trelastleverandørane.

FULL STOPP: I starten av koronaepidemien blei det full stopp i deler av næringslivet, og stengde butikkar og ingen kundar som her hos Amfi Moa. Etter kvart kom det ein kraftig rekyl. 

– Det har vore rett i taket i lengre tid, sa Rune Koppen, dagleg leiar og eigar av byggevareselskapet Koppen Industrier i Volda til NETT NO i slutten av april. Folk som måtte vere heime tok malarkost og hammar fatt, og pussa opp og bygde terrassar for harde livet.

Litt seinare på våren gjekk Anita Tilseth i Hageland Tilseth i Volda tom for settepotter og jordbærplanter. Etter første halvår hadde Hagelandkjeda ein vekst på 45 prosent, og alt av matvekstar auka enda meir.

– Vi har bemanna litt og litt opp, og gjer det framleis. Vi har framleis god aktivitet og det ser jammen santen ikkje så verst ut framover heller, sa administrerande direktør Kjell Norvoll då Nogva Motorfabrikk la fram tala for 2019 i juni i år.

Koronaepidemien og tiltaka mot den, dempa aktiviteten i ein periode, men selskapet permitterte ikkje. Alt i sommar var aktiviteten på veg tilbake til nivået før koronaepidemien kom.

Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under saka

Produksjon i sommarferien
I løpet av våren kom varehandelen i gang for fullt, mellom anna i møbelbutikkane - noko som i sin tur slo ut i møbelfabrikkane. Ekornes, som i vår permitterte så mange av Sykkylven hamna på toppen av arbeidsløysetoppen, måtte i sommar be tilsette ta ferie på andre tider for å greie å produsere nok.

NY INDUSTRI: Mangelen på  munnbind fekk Lars Einar Riksheim og fleire til å starte ein heilt ny fabrikk i Sykkylven. Den syr kirurgiske munnbind, eit produkt som norske helsestyresmakter og private kundar har basert seg på å kjøpe frå Kina. 

Hos Ann-Helen Svinø på Bro blei juli så bra at inntektene fekk selskapet over kneika og sikra likviditet til hausten. Om ikkje nye innstrammingar kom, var Svinø si vurdering i oktober at selskapet no kunne drive i balanse.

Ved Hotel Alexandra, ein av dei største reiselivsaktørane i regionen, reknar hotelldirektør Richard Grov med at lønnsemda for året blir god nok til at den gir nye investeringsmusklar. Og ved Kaibutikken i Måløy slo omsetninga alle rekordar. Frykta for at 2020 skulle bli eit heilsvart år for næringslivet på Nordvestlandet ser ut til å ha blitt gjort til skamme.

Men koronaepidemien er ikkje over, og utover hausten auka smitten i Europa. Før vaksiner er på plass eller epidemien brenn ut av seg sjølv, utgjer den framleis ein fare, både for helse, men også for næringslivet. Nye omfattande nedstengingar er ikkje utelukka.

Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under saka

Tøft i verft og offshore
I tillegg til reiseliv, kultur og utelivsbransjen er både offshorereiarlaga og skipsverfta, to av dei mest sentrale delane av næringslivet på Nordvestlandet, hardt råka av koronakrisa.

FRAMLEIS TUNGT: Dei ti største selskapa, deriblant verftskonsernet Vard, står for størstedelen av underskotet mellom bedriftene i nordvest.

Medan dei tre første truleg vil vere i god fart igjen straks koronaepidemien er over, kan dei negative konsekvensane for offshorereiarlag og skipsverft vere meir langvarig.

Databasen som NETT NO får laga til dette magasinet omfattar i alt 2512 bedrifter, kvar med minimum fem millionar kroner i driftsinntekter. 565 av desse hadde eit resultat før skatt i minus i fjor. I alt var underskotet hos bedriftene som tapte pengar på til saman 8,8 milliardar kroner.

Men heile 6,1 milliardar av dette underskotet kom frå berre 10 selskap; Vard, Kongsberg Martime CM (tidlegare Rolls- Royce Marine), Havila Shipping og Havila Ships, Ulstein Verft og morselskapet Ulstein Group, Bourbon Ships og morselskapet Bourbon Offshore Norway, Island Drilling Company og Farstad Supply (ein del av Solstad Offshore-konsernet).

I 2018  jekk 645 bedrifter i minus, med eit samla underskot på 10 milliardar kroner. 6,9 milliardar av underskotet skreiv seg frå dei 10 selskapa som var mest ille ute – langt på veg dei same som i 2019. Også blant dei 100 største er det blitt færre selskap med minusresultat. 22 i 2019, 32 i 2018.

«OPTIMISTANE»: 2020-utgåva av NETT NO-magasinet er klart. Ein rekke bedrifter på Nordvestlandet får tilsendt magasinet som også blir lagt ut ved like møteplassar. 

Oljebransjen til felles
Det selskapa med dei største underskota har til felles er at dei er, eller var, ein del av oljebransjen. For Vard og Ulstein sin del var dei ein del av oljebransjen gjennom å bygge offshoreskip, men lukkast å få kontraktar på å bygge cruiseskip då offshorereiarane slutta å bestille nytt.

Både oljebransjen og verfta som har satsa på cruiseskipsmarknaden, er råka av koronapandemien. Den har redusert oljeetterspørselen, mellom anna fordi flytrafikken er kraftig redusert – og drivstoffetterspørselen med den.

I staden for eit gryande oppsving i etterspørselen etter offshorefartøy blei det i staden en ytterlegare nedtur. Smittefaren om bord i cruiseskipa har sendt dei fleste i opplag. Dermed la også cruisereiarlaga nybyggingsplanar på is.

Satsinga på å bygge cruiseskip har kosta både Vard, Ulstein og konkursråka Kleven Verft dyrt.

Håpet var at lærdomen frå første runde skulle slå ut i at verfta greidde å bygge neste runde med cruiseskip med overskot. No er den runda i beste fall utsett.

Delinga av næringslivet på Nordvestlandet, mellom tungvektarane som slit og underskogen som går i pluss, viser seg også att hos skipsverfta. Dei små og mellomstore greier seg stort sett godt, takka vere brønnbåtbygging, reparasjon og vedlikehaldsoppdrag.

Sjå lista over dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet under 

Dei 100 største bedriftene på Nordvestlandet                                                                   

Tal i mill. kroner              

Bedrift - driftsinntekter - res.f. skatt        

Vard Group AS 7938 -1980  
Bunker Oil AS 5827 80  
Coast Seafood AS 4568 122  
Kongsberg Maritime Cm AS 4115 -1223  
H I Giørtz Sønner ASA10 3458 85  
Ulstein Verft AS 2199 -225  
Nordfjord Kjøtt AS 2096 12  
Brødrene Sperre AS 2037 7  
Platina Seafood AS 1888 52  
Vard Electro AS 1633 20  
Hofseth Aalesund AS 1631 11  
Sparebanken Møre 1488 811  
J E Ekornes AS 1478 269  
Hofseth AS 1476 -20  
Ocean Supreme AS 1460 43  
Inmarsat Solutions AS 1442 482  
Roger Hofseth AS 1357 6  
Brødr. Sunde A/S 1349 151  
Nor Seafoods AS 1336 16  
Stokke AS 1323 137  
Nils Sperre AS 1285 -14  
Sfe Produksjon AS 1179 345  
Optimar AS 1049 -29  
Rostein AS 1046 238  
Seafood Farmers Of Norway AS 1011 13  
Jangaard Export AS 1003 34  
Farstad Supply AS 948 -471  
Norwegian Seafood Company AS 936 14  
Tafjord Kraftproduksjon AS 894 264  
Global Sales AS 827 4  
Thermo-Transit Norge AS 810 8  
Norsk Sjømat Stranda AS 800 48  
Vartdal Plastindustri AS 774 39  
Vard Accommodation AS 768 -62  
AS Møre Codfish Comp 758 -17  
West-Norway AS 731 1  
Vik Ørsta AS 713 55  
Tess Nord AS 713 28  
Sølvtrans Rederi AS 708 271  
Coldwater Prawns Of Norway AS 678 0  
Hofseth Aqua AS 631 131  
Mørenett AS 619 107  
Selected Seafood AS 608 -1  
Mmc First Process AS 604 48  
Sanco Holding AS 600 91  
Villa Seafood AS 595 9  
Island Offshore Management AS 594 38  
Domstein Sjømat AS 591 5  
Star Seafood AS 586 4  
Fjordlaks AS 577 15  
Olympic Holding Chartering AS 566 6  
Bertel O Steen Møre og Romsdal AS 551 -2  
Møller Bil Ålesund AS 523 -5  
Global Florø AS 513 -4  
Larsnes Mek Verksted AS 512 2  
Mørenot Aquaculture AS 500 -24  
Triplenine Vedde AS 497 43  
Rem Ship AS 494 -47  
Selstad AS 485 18  
Hg Handel AS 485 17  
AS Aalesundfisk 475 2  
Bourbon Ships AS 465 -200  
Havyard Design & Solutions AS 461 4  
Tafjord Marked AS 455 17  
Mørenot Fishery AS 444 8  
Fiskerstrand Verft AS 428 23  
K. Nordang AS 427 7  
Gustav Stokke AS 423 1  
Img Group AS 421 53  
Epax Norway AS 418 61  
Møre Trafo AS 413 27  
Ødegaard Engros AS 405 19  
Normarine AS 401 7  
Havila Ships AS 399 -214  
Brunvoll Volda AS 397 24  
Brødrene Aa AS 396 -16  
Cod-Export AS 395 6  
Myklebust Verft AS 380 25  
Båtbygg AS 379 19  
Jets Vacuum AS 379 37  
Artec Aqua AS 378 22  
Farstad Construction AS 367 -63  
Sfe Kraft AS 365 14  
Havila Shipping ASA 364 -894  
Polar Seafrozen AS 364 5  
Sperre Industri AS 362 78  
Pretre AS 362 7  
Nogva Motorfabrikk AS 359 37  
Ulstein Design & Solutions AS 358 2  
Byggfag AS 357 2  
Poly Har AS 352 56  
Coldwater Prawns Production AS 341 16  
Nlm-Barnehagene AS 339 4  
Tufjordbruket AS 328 8  
Olympic Crewing AS 328 9  
Phl Seagold AS 328 5  
Sparebank 1 Søre Sunnmøre 327 167  
Drevik International AS 324 5  
Fosnavaag Pelagic AS 322 -6  
Island Offshore Viii Ks 318 -108  

Bedriftene er rangert etter driftsinntekter i 2019. Vi har teke utgangspunkt i einskild-selskap, ikkje konsern. Selskap i konsern dukkar difor opp fleire stader på lista. Kjelde Bisnode

Siste artikler

Doblar drivstoff-kostnadene

Regjeringa vil doble drivstoff-kostnadene for fiskeflåten, men det står det ingenting om i klimaplanen regjeringa nettopp har sendt ut.

Kom med jobb til 500 arbeidarar

Det tredje cruiseskipet til tysk storkonsern er kome til Vard-verft for utrusting.

Seismikkselskap kjempar for livet

Det skulle vere eit eventyr, men for mange aksjonærar på Sunnmøre har det vorte eit mareritt. No kjempar Axxis Geo Solutions for å unngå forlis.

Store planer på Raudeberg

Agnar Lyng vil bygge både lakseslakteri og foredlingsanlegg på Raudeberg, skriver Måløy24.

Styrkar lokal mediedominans

Sunnmørsposten kjøper Nytt i Uka.

Westing-avtale i Danmark

Etablerer dansk avdeling for å selje måling i den danske marknaden.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.