Eit prosjekt med enorme ringvirkningar
ULSTEIN: Frå 'kick off' for utrustningsarbeidet av Color Hybrid. Frå venstre hovdtillitsvalt Bjørn Røren, stortingspolitikar Helge Orten, verftsdirektør Kristian Sætre, konsernsjef Gunvor Ulstein og Color Group-direktør Trond Kleivdal.
Nytt

Eit prosjekt med enorme ringvirkningar

Skipet kostar rundt 1,2 milliardar kroner, og den totale verdiskapingseffekten er 840 millionar kroner. Mykje av dette vert lagt att lokalt.

01.12.2018
- Bygginga av dette skipet har enorme ringvirkningar, ikkje minst på Sunnmøre.
Dette fastslo konsernsjef Gunvor Ulstein under 'kick off' for utrustningsarbeidet på Color Hybrid på Ulstein Verft torsdag.
Ho viste til at 400-500 arbeidarar vil vere i sving med prosjektet på Ulstein fram til levering.
- Kvar arbeidsplass i verftsindustrien genererer meir enn fem arbeidsplassar i privat og offentleg sektor, noko som igjen skapar grunnlaget for ein levedyktig region, og ikkje minst gir betydelege skatteinntekter for stat og kommunar, sa Ulstein.

- Sjøens Tesla

Ein rapport frå Menon viser at den totale sysselsettingseffekten for skipet er 950 årsverk ettersom kvar arbeidsplass på eit verft genererer fire-fem andre arbeidsplassar.
I tillegg kjem ein årleg miljøgevinst som Menon har rekna ut til 61 millionar kroner.
- Folk er opptatt av Tesla og dei positive ringvirkningane av Tesla, men dette prosjektet gir også svært store ringvirkningar, i tillegg til effekten for miljø og innovasjon, sa Gunvor Ulstein.

100 utstyrsleverandørar

Over 100 norske utstyrsprodusentar bidreg til verdas største plug in-hybrid.
Her er dei mest sentrale underleverandørane:
Teknotherm: Ventilasjonsanlegg, kjøl og frysMare Safety/Viking: RedningsflåtarGlamox: LysarmaturKongsberg: Navigasjon/kommunikasjonSiemens: BatteriBrunvoll: Propellar, girRolls-Royce (Bergen): HovudmotorarPalfinger: RedningsbåtarBaggerød: Innvendige dørerAllweiler: PumperAlfa Laval: Fuel oil-separatorar, lub. oil-separatorar, el. heatingCheckmark: KassaapparatAhlsell: VentilarAnda Olsen: UPS-arR og M: Innreiing og bysseNorac: BaderomsmodularElpro: Dekorasjonsbelysning, vindusviskararClean Marine switchboards: TavlerLibra: DørerJets: VakuumtoalettUlstein Power & Control: ULSTEIN COM kommunikasjonssystem

- Flaggskip for miljø

Ein stor delegasjon frå Color Line var på plass under seremonien, inkludert konsernsjef Trond Kleivdal.
- Vilje og evne til omstilling har vore ein viktig drivar i utviklinga av selskapet. Om vel eit halvt år vil dette praktfulle skroget framstå som eit flaggskip for miljø og innovasjon for heile den maritime næringa i Noreg, sa Kleivdal.
Color Hybrid skal trafikkere strekninga Sandefjord-Strömstad frå sommaren 2019.
Ferja skal over på batteri når ho kjem til innløpet av Sandefjordsfjorden. Ho går på batteri heile vegen inn fjorden, utan støy eller forureinande utslepp.
I Sandefjord hamn har reiarlaget installert landstraum som laddar batteria med berekraftig straum frå norsk vasskraft.

65 tonn batteri

Om bord vert det ein batteripakke på 4,7 MWh, slik at Color Hybrid skal kunne segle 3,2 nautiske mil berre på batteri.
Totalt skal det om bord 65 tonn batteri i separate motorrom, i tillegg til at det er sett av plass til endå fleire batteri.
Color Hybrid er designa av Fosen Yard. Skipet har rom for 2000 passasjerar og 500 bilar.

Publisert: 01.12.2018 10:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28