Eit fullstendig sjokk for dei tilsette
GJERDSVIKA: Tillitsvald Målfrid Levik trur det framleis kan vere liv laga for fiskematfabrikken i Gjerdsvika.
Nytt

- Eit fullstendig sjokk for dei tilsette

Tillitsvald Målfrid Levik gir ikkje opp kampen for vidare produksjon ved fiskematfabrikken i Gjerdsvika.

13.03.2019
- Nei, vi gir ikkje opp. Det er ei flott bedrift, med mange dyktige tilsette, som absolutt bør vere liv laga.
Levik er tillitsvald i NNN (Nærings og Nytelesarbeiderforbundet).
Ho har sjølv arbeidd 17 år ved hjørnesteinsbedrifta i Gjerdsvika, der det er rundt 40 tilsette.

Sterke kjensler

Ho seier at det var sterke kjensler i sving då beskjeden kom om nedtrapping av drifta, og i verste fall nedlegging.

- Det kom som eit fullstendig sjokk på alle. Dette var heilt uventa.
- Alle var skuffa, og nokre var også sinte.

Gode resultat

Ho fortel at då Insula overtok som eigar vart det gitt beskjed om at det skulle satsast vidare i Gjerdsvika.
- Ja, berre vi leverte gode resultat, så var bedrifta berga.
- Og vi har stått på knallhardt og levert gode resultat, men likevel skjer dette.

- Vi gir oss ikkje

Ho håper og trur at eigarane vil finne erstatning for den avtalen som no fall vekk.
- Vi er budde på at det ein periode vert mindre produksjon og færre tilsette, men vi vil stå på for å vise at her bør det vere produksjon også vidare framover.
Levik vil no ta kontakt med leiinga i forbundet.
- Vi kan ikkje gi oss. Dette er trass alt ei hjørnesteinsbedrift i Gjerdsvika og ein svært viktig arbeidsplass i Sande.
- Vi treng alle dei arbeidsplassane som er her.

Starta i 1932

Gjerdsvik-bedrifta vart sommaren 2018 overtatt av Insula, som er ein del av det Gustav M. Witzøe-kontrollerte Kverva-systemet (sjå faktaboks).
Før det var bedrifta eigd av finske Apetit, som overtok etter Sandanger-familien som har eigd bedrifta sidan starten i 1932.
I 2017 hadde Sandanger i Gjerdsvika eit resultat før skatt på 1,9 millionar kroner av ei omsetning på 162,1 millionar.
Året før var resultatet før skatt på 2,8 millionar av ei omsetning på 149 millionar.
Tala for 2018 er enno ikkje offentleggjorde.
Vi har stått på knallhardt og levert gode resultat, men likevel skjer dette

Publisert: 13.03.2019 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32