Einaste maalet til Trump er aa vinne neste val
FOSNAVÅG: Sjefsanalytikar Erik Bruce i Nordea (t.v.) saman med sjefsøkonom Inge Furre i Sparebanken Møre. Begge ser optimistisk på 2019.
Nytt

- Einaste målet til Trump er å vinne neste val

Sjefsanalytikar Eric Bruce i Nordea Markets trur på løysing på handelskrigen, rett og slett fordi det må til om Trump skal vinne neste val.

22.01.2019
- Einaste målet til Trump er å vinne neste val, og då trur eg ikkje Trump set i gang ein sjølvdestruktiv handelskrig.
Det sa Bruce under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb, der Bruce blant anna såg nærare på den pågåande handelskrigen mellom USA og Kina.
Handelskrigen har skapt uro i aksjemarknaden, og ein ser no klare teikn på nedkjøling i den kinesiske økonomien.

Stor gjeldsvekst i Kina

Men Bruce meinte at dei svakare økonomiske utsiktene for Kina like mykje kom av svært stor gjeldsvekst som av handelskrigen med USA.
- Både bedrifter og det offentlege i Kina tok ein periode opp veldig mykje lån.
- Dette førde til at ein til slutt bremsa opp, men no er det teikn på at ein ønsker ny offensiv vekst.
- Vi vil framleis sjå nokre svake tal frå Kina, men seinare på året trur eg at situasjonen vil normalisere seg, sa Bruce.
Han trudde at handelskrigen måtte løyse seg.
- Om USA legg 25 prosent toll på alt frå Kina – og Kina svarar, så har vi ein alvorleg situasjon.
- Og om det i tillegg vert toll på bilar frå Europa, vil det bli endå verre og vi kjem fort inn i ein negativ sirkel.

Snakka med Trump-rådgjevar

Bruce sa at han ikkje nødvendigvis trudde at handelskrigen ville løyse seg fort, men fort nok til at Trump kunne vinne neste val.
- Eg trur ikkje at Trump innfører 25 prosent toll på alt frå Kina.
Bruce hadde snakka med ein av Trump sine rådgjevarar under siste valkamp, og han stadfesta at det store målet for Trump er å vinne neste val.
- Men då må ikkje Trump stille seg slik at veljarane hans kjøper masse produkt frå Wal-Mort, der det meste er produsert i Kina.
- Det er å skyte seg sjølv i foten.

Det er å skyte seg sjølv i foten

Publisert: 22.01.2019 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30