Ein velsignelse med ny dokk
AUKA KAPASITET: Fiskerstrand Verft hadde 62 skip til reparasjon eller ombygging i fjor. Den nye dokka som kom i fjor høst øker kapasiteten og har vært en velsignelse, sier konsernsjef Rolf Fiskerstrand (innfelt). Konsernet har 150 ansatte og alle datterselskapene gikk i pluss i fjor.
Nytt

- Ein velsignelse med ny dokk

Fiskerstrand Verft har arbeid heile hausten og er i ferd med å fylle ordreboka for vinteren 2021.

31.08.2020
I fjor haust fekk Fiskerstrand Verft, det største datterselskapet i Fiskerstrand Holding-konsernet, på plass ei ny og større flytedokk. Det er ein del av forklaringa på at verftet har godt med arbeid.
Dokka dobla løftekapasiteten og har større plass enn den gamle. No kan verftet ha to større skip i dokka samstundes, mot to mindre før.
- Den nye dokka vår har vore ein velsignelse, seier konsernsjef og medeigar Rolf Fiskerstrand.

Droppa nybygg

I 2016 gjekk Fiskerstrand Holding-konsernet på ei smell etter tap på nybygg. 35 personar miste jobben i nedbemanning som følgde, og konsernet bestemte seg for å konsentrer seg om marknaden for ombyggingar og reparasjonar.

Den strategien gjeld framleis, seier Rolf Fiskerstrand til NETT NO. Konsernet har ikkje bestemt seg for å aldri bygge nye skip, men slik marknaden er i dag er det reparasjon- og ombyggingsmarknaden som gjeld.
Konsernet dreiv med overskot igjen i 2017, og gjorde det også i 2018 og 2019. (Sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida). Alle selskap i konsernet gjekk i pluss i fjor ifølgje ei pressemelding.

Håpar på hydrogenavklaring

I juni sende Møre og Romsdal fylkeskommune ut ei pressemelding om at fylket likevel ikke blir med på å finansiere ei hydrogendriven ferje på Hjørundfjorden, ei ferje det var meininga at Fiskerstrand Verft skulle bygge.

Hydrogenferja var ein del av eit offentleg delfinansiert prosjekt for å utvikle utsleppsfri framdriftsteknologi - Pilot E.
Fiskerstrand seier verftet har fått tommelen opp for å flytte satsinga på hydrogendrift over på nye prosjekt. Tre prosjekt er aktuelle, ein fraktebåt, ei anna ferje og eit prosjekt i havbruksnæringa. Det er havbruks-alternativet som ligg først i løypa og Fiskerstrand håpar på ei avklaring i løpet av hausten.

-Vi har ikkje gitt opp hydrogen-satsinga, seier Fiskerstrand.
Den nye dokka vår har vore ein velsignelse

Publisert: 31.08.2020 13:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02