Ein skandale aa leggje ned Nordfjordeid trafikkstasjon
EID: Ordførar Alfred Bjørlo slaktar Statens vegvesen sitt forslag til ny modell, der det er foreslått å avvikle 30 arbeidsplassar på Nordfjordeid.
Nytt

- Ein skandale å leggje ned Nordfjordeid trafikkstasjon

30 arbeidsplassar forsvinn på Nordfjordeid ifølgje Statens Vegvesen sitt framlegg til ny organisering. - Ein distriktsfiendtleg skandale, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

21.05.2019
- Statens Vegvesen sitt framlegg til ny organisering er ein rein skandale frå ein distriktspolitisk ståstad. Etaten sine direktørar vil leggje ned tenestetilbod og kompetansemiljø i distrikts-Noreg for fote, og rømme inn til dei største byane.
- Dersom dette framlegget blir velsigna av regjeringa, så kan vi berre pakke saman og kaste i søpla alle fine formuleringar om ny giv i distriktspolitikken i den nye regjeringserklæringa. Vi kan også då slå fast at regionreforma har blitt ei sentraliseringsreform, i staden for det motsette.


Skal bli meir effektiv

Det fastslår Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) etter at konstituert vegdirektør Bjørne Grimsrud måndag leverte sitt forslag til framtidig lokalisering av Statens vegvesen til Samferdselsdepartementet.
– Statens vegvesen skal no bli ein meir effektiv organisasjon. Vi skal frå 2020 ikkje lenger administrere fylkesvegar, og vi skal samtidig fornye og effektivisere vår eigen organisasjon og oppgåveløysing, seier Grimsrud i ei pressemelding.
Han viser til at med solid fagkompetanse skal etaten bidra til å gjere folks kvardag endå enklare og tryggare.
- Vi skal levere funksjonelle tenester og sikre riksvegar med mindre bruk av pengar, seier han.

Seks divisjonar

I forslaget vert det blant anna lagt opp til at seks nye divisjonar vert oppretta og ei rekkje oppgåver vert flytta frå Vegdirektoratet i Oslo til følgjande divisjonar.
* Divisjon Veg: Tromsø* Divisjon Transport og samfunn: Trondheim* Divisjon Utbygging: Bergen* Divisjon Trafikant og kjøretøy: Arendal* Divisjon IT: Drammen* Divisjon Fellesfunksjonar: Moss

Vurderer Moskog

Men endringa fører også til at fleire trafikkstasjonar vert lagde ned, inkludert Nordfjordeid trafikkstasjon.
Her foreslår ein å sjå på Eid og Førde under eitt, og opnar for å byggje ein ny felles trafikkstasjon på Moskog.
Eid-ordførar Bjørlo er ikkje nøgd.
- Nordfjord er eit døme på ein region som bit for bit har blitt tappa for statlege kompetansearbeidsplassar over mange år. No vil også Statens Vegvesen rømme frå regionen - utan å bry seg om nye politiske signal i Granavolden-erklæringa om at ulike statlege etater må sjå sine omorganiseringar i samanheng, og at det skal vere ei samla god regional fordeling av statlege kompetansearbeidsplassar.

- Gammaldags tenking

Bjørlo viser til at desentralisering er i dag med ny teknologi lettare og meir rasjonelt enn nokon gong.
- Det er difor trist å sjå kor gammaldags Statens Vegvesen tenkjer om organisering inn i framtida. Medan mange private bedrifter legg til rette med ny teknologi for å utnytte kompetanse over heile landet, vil Statens Vegvesen klumpe saman tilsette og leiing i dei største pressområda i landet, og slå strek over kompetansemiljøa i Nordfjord og mange andre stader i distrikta.
Eid har foreslått å prøve ut ein ny modell for "Statens Hus" på Nordfjordeid, der Statens Vegvesen sitt forvaltingsmiljø blir samlokalisert med mindre avdelingar av Skatteetaten, Politiet, NAV og/eller jordskifterett,, ifølgje Bjørlo for å skape eit robust statleg fagmiljø.
- Eg ventar at regjeringa grip dette forslaget med opne armar, og syner at det er mulig å tenkje moderne, nytt og framtidsretta i distriktspolitikken i staden for den gamaldagse sentraliseringspolitikken som direktørane i Statens Vegvesen står for.

Samordning Ørsta og Ålesund

For Møre og Romsdal er det foreslått å leggje Åndalsnes og Sunndalsøra trafikkstasjon, og redusere tilbodet ved Sunndalsøra trafikkstasjon.
For trafikkstasjonane i Ålesund og Ørsta vert det ein del samordning av tenester, i tillegg til at det vert mindre arealbehov begge stader ettersom fylkesvegadministrasjonen vert overført til fylkeskommunane.
Total reknar ein med 135 færre tilsette i statens vegvesen i Møre og romsdal og 85 færre tilsette i Sogn og Fjordane.
Dersom dette framlegget blir velsigna av regjeringa, så kan vi berre pakke saman og kaste i søpla alle fine formuleringar om ny giv i distriktspolitikken i den nye regjeringserklæringa

Publisert: 21.05.2019 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35