Ein opp og to ned for Per Magne Mork
LITT TILBAKE: Tilfeldige sviningar, ikkje eit omslag i marknaden er årsaka til at to av Per Magne Mork sine tre bilforrretningar fekk redusert sal i fjor, meiner han.
Nytt

Ein opp og to ned for Per Magne Mork

Etter opptur i 2015, blei det nedtur for to av Per Magne Mork sine tre bilforretningar i fjor.

26.06.2017
Peugotforhandlaren Volda Bil hadde eit uvanleg godt år i 2016.
- Det traff med mange ting, seier bilforhandlar og eigedomsinvestor Per Magne Mork.
Han eig tre bilforhandlarar, Volda Bil og Volda Bilsenter (Kia) i Volda og Vest Auto (Kia-, Peutgotforhandlar og Mercedsverkstad) på Nordfjordeid.

Tilbakegang

Framgangen i sal og lønsemd for Volda Bil er ikkje nok til å vege opp for tilbakegangen i dei to andre bliforretningane.
Både Volda Bilsenter og Vest Auto auka staben midtvegs i fjoråret, noko som var med på å auke kostnadane utan at inntektene kom like raskt etter. Det slo ut i resultatet, i tillegg til effekten av at bilsalet gjekk tregare.

Tilfeldige svingingar

Mork seier som neste alle bilforhandlarar at han ikkje har merka nokon effekt av oljenedturen.
Nedgangen i salet i to av forretningane i fjor trur han meir er eit resultat av tilfeldige svingingar enn av ei endring i marknaden.
Dotterselskapet Vest Auto har vore i drift i fire år, og vart den største av Mork sine bilbutikkar før det var gått tre år. Han venter at forretninga på Nordfjordeid vil nå mellom 40 og 45 millioner kroner i driftsinntekter i år, og 50 millionar på lengre sikt.

Publisert: 26.06.2017 15:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11