Ein kontrakt som gjer at vi har litt til overs
KONTRAKT: Rem Mistral skal arbeide i to år i Nordsjøen for Maersk Oil.
Nytt

- Ein kontrakt som gjer at vi har litt til overs

Rem Offshore har sikra toårskontrakt for PSV-en Rem Mistral. - Ratenivået er høgare enn vi har sett ei stund, seier Arild Myrvoll.

20.06.2018
- Ein kontrakt til å leve med. Her har vi så pass inntekter at vi dekker utgiftene og i tillegg har litt til overs slik at vi kan betale ned på gjelda, seier konsernsjef Myrvoll.
Kontrakten er med Maersk Oil.
- Det er arbeid i Nordsjøen, seier Myrvoll.
Hellesøy Verft-bygde Rem Mistral er ein 85 meter lang PSV med eit dekk på 1005 kvadratmeter.
Det seks år gamle skipet har operert på spoten i Nordsjøen.

Små Nordsjø-hopp

Arild Myrvoll seier at ratene ikkje har gått slik dei største optimistane håpa på.
- Mange spådde eit kraftig ratehopp i Nordsjøen i sommarmånadene. Dette har ikkje skjedd, seier Myrvoll.
Han forklarer utviklinga med to forhold.
- For det første er ikkje aktiviteten så høg som mange trudde. For det andre har det vorte tatt ut fleire skip frå opplag enn det mange forventa.
- Kombinasjonen av dette fører til at ratene held seg moderate.

Heile flåten i arbeid

Totalt har Rem Offshore ein flåte på seks skip etter at Åge Remøy saman med kompanjongane Thorsteinn Mar Balvinsson og Magnus Roth sette av 500 millionar kroner for å byggje opp eit nytt offshoreselskap etter at Remøy tapte kampen mot Røkke/Solstad om tidlegare Rem Offshore.
Så langt har det nye selskapet sikra seg tidlegare Vestland Offshore med fire forsyningsskip, der Rem Mistral er eitt av desse.
I tillegg har Remøy og partnerane gjennom selskapet In Nord Vest sikra seg kontroll over Forland Shipping sine to subseaskip Rem Saltire og Forland Inspector.
Arild Myrvoll opplyser at alle dei seks skipa i Rem-flåten no er i arbeid.
- Vi har eit skip som går av kontrakt i september, men her er det opsjonar som kan kome til å verte erklærde.

Børsplanar

Myrvoll seier at på litt sikt er planen børsnotering av selskapet.
- Men dette ligg nok litt fram i tid.
Myrvoll er påtroppande adm. dir. i Sævik-familien si storsatsing Havila Kystruten.
Både Rem Offshore og Havila Kystruten har base i Havila Holding sitt bygg Diamanten.
På sikt er planen at Rem Offshore skal flytte tilbake til det gamle Rem-bygget i sentrum av Fosnavåg, der SolstadFarstad no har kontor.
- Denne leigeavtalen går ut i 2019, så flytting vil truleg ikkje skje før då, seier Myrvoll.
Her har vi så pass inntekter at vi dekker utgiftene og i tillegg har litt til overs slik at vi kan betale ned på gjelda

Publisert: 20.06.2018 12:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23