Ein kjempebaat men han vart dyr
SØLVTRANS: Ronja Storm er verdas største brønnbåt, og er no klar frå Havyard sitt verft i Leirvik.
Nytt

- Ein kjempebåt - men han vart dyr

Sølvtrans har fått overlevert brønnbåten Ronja Storm, men måtte sjølv bidra tungt for å få båten ferdig.

04.12.2019
- Samla har vi nok hatt ein ekstrakostnad på rundt 50 millionar kroner, seier Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk.
Den Havyard-bygde brønnbåten skulle eigentleg vere ferdig i juni, men har vorte forseinka fleire gonger.
- Vi har blant anna måtte betale underleverandørar for å få båten ferdig, i tillegg til at vi har gått inn med ekstra pengar, seier Halsebakk.

Nær 600 millionar

Han opplyser at i utgangspunktet skulle båten koste vel 500 millionar kroner.
- Dersom vi tar omsyn til at vi har måtta setje inn ekstra kapasitet i Tasmania i påvente av Ronja Storm, nærmar vi oss nok ein samla kostnad på 600 millionar kroner for dette prosjektet.
Med sin lengde på 116 meter og breidde på 23 meter er Ronja Storm verdas største brønnbåt.

Rekordstor kapasitet

Det er heller ingen andre skip i verda som har så stort anlegg for produksjon av ferskvatn. Kvart døgn kan båten produsere 16,8 millionar liter ferskvatn.
Ronja Storm har også rekordstor kapasitet på fisketankane, med ein samla kapasitet på 7.450 kubikkmeter.
Sølvtrans skal leige ut brønnbåten til Huon Aquaculture i Tasmania utanfor Australia.

Julefeiring i Panama

Roger Halsebakk håper at båten kan starte på turen til helga, ein tur som tek rundt 55 døgn.
- Det vert nok julefeiring på mannskapet i Panama eller der omkring, seier han.
Halsebakk seier at det har vore trasig med dei store forseinkingane og store økonomiske utfordringane ved verftet i Leirvik, men legg til at det uansett er ein kjempebåt som reiarlaget no overtar.
- Det har vore mange utforderingar undervegs, men sluttresultatet ser bra ut.
- Dei testane vi har fått gjennomført, har også fungert svært godt.

Publisert: 04.12.2019 15:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47