Ein heilt fantastisk baat
GEIR: Skroget av nye Geir kom fram til Vaagland tysdag.
Nytt

- Ein heilt fantastisk båt

Nye Geir er tre månader forseinka frå Polen, men reiar Kjetil Holmeset tar det ikkje så tungt.

13.11.2019
- Vi får ein fantastisk båt. Kvaliteten på arbeidet som er utført er heilt strålande.
Skroget til nye Geir frå Grytastranda kom tysdag fram til Vaagland Båtbyggeri i Halsa.
Skroget er bygt ved Wisla-verftet i polske Gdansk.
- Det var bemanningsproblem som var årsak til at skroget vart forseinka, seier Holmeset.

Seld til Færøyane

No vert truleg ikkje nyebåten ferdig før etter påske.
- Vi vert utan båt nokre månader, men det får vi tole.
Dagens Geir II er seld til Færøayne, og skal overleverast ved nyttår.
Nye Geir er den åttande i rekka med Geir-namnet frå reiarlaget H. P. Holmeset.

Stor lastekapasitet

Den Skipsteknisk-designa linebåten er 61,8 meter lang og 13,5 meter brei og blir utstyrt med fabrikk som både kan produsere sløygd og hovudkappa fisk og filet.
Båten får ein lastekapasitet på 500 tonn.
- Vi får langt større lastekapasitet enn i dag, seier Holmeset.

- Bra prisar på restprodukta

Fisken vert tatt opp gjennom ein 'moonpol', og alt skal takast vare på.
- Her skal ingen ting over bord.
- Det byrjar også å verte interessante prisar på restprodukta. På siste turen fekk vi seks kroner kiloen for torskehovuda, seier Holmeset.
Alt av søppel skal også leverast på land.
- Til og med oska skal vi ta med inn att, seier Holmeset som viser til at ein har satsa mykje på miljø med blant anna NOx-reinsing og batterihyrbide løysingar.
Totalt er det 15 til 17 mann om bord, alt etter fiskeri.
- Dei aller fleste kjem frå nærområdet, frå Breisundet og nordover. Skikkeleg bra folk!
På siste turen fekk vi seks kroner kiloen for torskehovuda

Publisert: 13.11.2019 13:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44