Ein gledens dag paa Austevoll
EIGARSKIFTE: Havyard-bygde Vestland Mira er ein av fire PSV-ar som no vert kontrollert av Åge Remøy og Herøy-selskapet OSV Management.
Nytt

- Ein gledens dag på Austevoll

Dei tilsette i Vestland Offshore er glade for å ha fått Åge Remøy og OSV Management inn som hovudaksjonær. Dei trur på vekst.

15.03.2017
- Både dei tilsette på land og sjøfolka tok dette veldig godt imot.
- For oss er dette ein gledens dag. Alle visste at utgiftene var større enn inntektene, og at vi måtte ha inn frisk kapital for å drive vidare. No er dette heldigvis på plass.
Dette seier adm. dir. Per Vidar Hille i Vestland Offshore, eit selskap som no er 60 prosent eigd av Herøy-baserte OSV Management.
Les her:
Hille er ikkje redd for å få ein sunnmøring som hovudeigar.
- Nei, vi kjenner Åge frå før som ein industribyggjar. Han kan offshore og PSV, og for oss er dette ei svært god løysing.

Overtek mangagementselskap

OSV Management vert hovudeigar av Vestland PSV, som har fire nyare PSV-ar, i tillegg til også å overta aksjemajoriteten i Vestland Management, med rundt 300 tilsette.
Vestland Offshore er i tillegg inne i seismikk, men denne delen er utanfor avtalen med Åge Remøy og hans selskap.
Dei fire PSV-ane arbeider alle på britisk side i Nordsjøen.
- Alle er på faste kontraktar, der tre varer ut året, seier Hille.

Børsnotering på sikt

Han har tru på at Åge Remøy ønskjer å vekse saman med Vestland Offshore.
- Ja, han har kjøpt eit heilt reiarlag og ikkje berre nokre skip. Nye skip Åge sikrar seg kan difor verte lagde inn under Vestland Offshore.
- På litt sikt kan det også vere snakk om børsnotering.
På landsida har Vestland Offshore 23 tilsette, inkludert fire-fem tilsette i eit dotterselskap i bulgarske Varna.
Resten arbeider på hovudkontoret på Austevoll.
- Vi har også eit kontor i Bergen, der dei som er busette i Bergen arbeider nokre dagar i veka.
- Vi held trass alt til på nokre omflødde holmar, og slit litt med rekrutteringa her ute, seier Hille.

- Skal ikkje angre

Han er ikkje uroleg for at Åge Remøy etter kvart flyttar administrasjonen til Herøy.
- Det får vi i så fall takle utan sure miner.
- No skal vi jobbe hardt for å sikre oss at Åge Remøy ikkje kjem til å angre på denne investeringa.
Hille opplyser at også dei eksisterande aksjonærane har bidrege med frisk kapital som ein del av restruktureringa av selskapet. Det gjeld mellom anna Tor Østervold og Hans Gravdal som var dei største aksjonærane før restruktureringa.

Havyard som medeigar

I tillegg hadde både Havyard og Ocean Europe større aksjepostar, saman med brødrene Hufthammer.
- Det har no kome til ein ny lokal aksjonær, som har kjøpt seg opp til å eige rundt 10 prosent av selskapet, seier Hille.
Åge Remøy, Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth sitt selskap In Nor Vest får styreleiaren i restrukturerte Vestland Offshore. Dagens styreleiar er Tor Østervold, som med seg i styret har Arne Kjell Møkster, Hans Gravdal, Tor Hufthammer og Per Sævik - alle kjende aktørar innanfor offshore.
No skal vi jobbe hardt for å sikre oss at Åge Remøy ikkje kjem til å angre på denne investeringa

Publisert: 15.03.2017 17:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07