Ein glapp men har ny interessant paa handa
DRYGT 60 MÅL: Vest for trafikkmaskina på Digernesskiftet jobbar anleggsmaskinane med å forme nye næringstomter. Utviklinga i område har gjort at Skodje har vore vekstvinnaren i handelsomsetning dei siste åra. 
Nytt

Ein glapp – men har ny interessant på handa

Nye næringstomter formar seg på Digernesskiftet - område som har vore suveren vekstvinnar på Nordvestlandet dei siste åra.

Marius Rosbach
11.11.2019
Maskinar frå Svinø Entreprenør er godt i gong med å gjere klart eit nytt næringsareal ved Digernes på vegner av Skodje Næringspark. Eit område på drygt 60 nye mål med tomter vil ferdigstillast i løpet av dei neste åra vest for trafikkmaskina.

Oddgeir Svinø i Svinø Entreprenør har god trua på at området langs europavegen er attraktivt.
– Vi har fleire som er interesserte, men ikkje nokon som har skreve under enno. Vi håpar at noko kan vere klart om ikkje lenge, seier han til NETT NO.
Spjelkavik-entreprenøren eig området saman med Waagan Holding gjennom selskapet Skodje Næringspark. Planen er å selje tomtene.

Breivika-selskap på flyttefot

Volvo-forhandleren Wist Last & Buss er den siste av fleire bedrifter frå Breivika-område som har valt å flytte til det raskt veksande næringsområde i Skodje. Dei var tidleg inne og snuste på ei større tomt hos Skodje Næringspark, men har i staden valt å etablere seg på området til Digerneset Næringspark.
– Vi kunne ikkje bli ferdige til dei hadde behov for tomta, seier Svinø.
Utbyggarane reknar med å vere ferdig med halve området kring årsskiftet 2020/21. To år etterpå skal heile utbygginga vere ferdig,

Vekstvinnaren Skodje

At det er interesse for å etablere seg ved det nye knutepunktet som har vekse fram i løpet av dei ti siste åra er ikkje overraskande. Tal frå SSB for Skodje viser ei tredobling i handelen per innbyggjar etter 2011 (sjå illustrasjon).

Veksten har skote i veret i takt med på austsida av fylkesveg 661.
Næringsområdet som Wenaas Kapital og Møller Eigedom er i kompaniskap om, omset no for halvparten av Amfi Moa etter ei rekke nyetableringar med alt frå postterminal og spisestader, til Vinmonopol, apotek og fleire byggvarebutikkar.

Les også:



Oddgeir Svinø trur det vil vere størst interesse frå bedrifter i detaljhandel på området tll Skodje Næringspark.
– Langsmed vegen vil det vere mest aktuelt for bedrifter som vil profilere seg. Det blir kring 45 mål, som bør vere veldig bra for dei som vil synast, seier han.

Fengselsavgjerd i stampe


Når alt arbeidet er klart, vert avkøyringa inn til området på vestsida av fylkesveg 661 flytta lengre nord.
Der ligg også avkøyringa til ein meir enn 100 mål stor tomt som blei regulert til nytt fengsel. Men den politiske prosessen har gått tregt og ei endeleg avgjerd kring eit nytt soningssenter på Sunnmøre har venta på seg.

Les også:




Vi håpar at noko kan vere klart om ikkje lenge

Publisert: 11.11.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44